Samla inn 20. 000 til barneheim i Liberia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar samla inn 20. 000

Elevane på femte trinn har hatt kunstutstilling og selt eigne kunstverk til inntekt for barneheimen. Kunstverka vart rivne vekk. Elevar på sjuande trinn hadde sal av pølser i friminutta. I kvart klasserom har det stått framme ei innsamlingsbøsse, ei hjarteboks, som dei kunne putte pengar på når dei hadde lyst.

Denne saka stod først på trykk i Møre!

Alt kjem fram
Barneheimen dei sender pengane til heiter Calvary Orphanage Mission Home. Bakgrunnen til at dei valde akkurat denne barneheimen er litt spesiell fortel rektor Vidar Nupen.

– Vi var opptekne av at pengane skulle gå uavkorta til barna. I Liberia er det plassert ut ein Norsk politikontingent som tek seg av desse barna. Den eine polititenestekvinna som er der er Astri Gridseth Flø. Mor henna Anne Lise Gridseth, er lærar her på Bratteberg, fortel Nupen.

LES OGSÅ: Kostbart kronefall for utanlandske studentar

Dette gjer at elevane veit at kvar ei krone kjem fram og vert brukt på barna i Monrovia.

Rørt over gåva
Anne Lise Gridseth tok imot gåva på vegner av dottera og barneheimen. Ho vart rørt til tårene då ho fekk høyre kor mykje elevane hadde samla inn.

– Då eg snakka med dottera mi, Astri, så trudde vi at det kanskje kunne verte 10.000 kroner, men no vart det dobbelt så mykje, smilte ho gjennom tårene.

Ho fortalde elevane at dei akkurat var ferdige med å byggje sovesal til gutane, for ingen hadde rom aleine. Pengane frå Bratteberg skule skulle det byggjast dusjar og toalett for. Dette vil betre dei hygieniske tilhøva for barna og førebyggje sjukdomar.

Gridseth fortalde at også barna på barneheimen skulle få feire jul.

Polititenestemennene hadde ordna det slik at dei skulle kome og sørgje for at barna fekk ei julegåve kvar.

LES OGSÅ: Dei søkkrike vart endå rikare