Blir aldri ferdig med Haaheim Gaard

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Langt frå ferdig med livsverket

Haaheim Gaard er nettopp ferdig med utvidinga på 400 kvadratmeter. Det er ikkje nok.

Torstein Hatlevik kjøpte det nedlagde småbruket i 2000 utan innlagt straum og vatn, kort veg frå kommunesenteret Uggdal i Tysnes. I 2009 starta han med servering og overnatting på Haaheim Gaard. Sidan den gong har verksemda vakse til åtte årsverk og garden er utvida fleire gonger. 

LES OGSÅ: – Det må vera lov å prøva å bli pappa

Når me er på besøk, er snikarane i ferd med å pakka ned etter ei utviding på nær 400 kvadratmeter. Restauranten har no plass til 160 gjester og dei har fått sitt eige bakeri med skikkeleg steinomn. 

– Det har komme enormt mykje folk, noko som har gjort at me har vore nøydde til å utvida.

Garden har no eiga konferanseavdeling, ni soverom – og eit kapell. – Eg håpar det kan bli vigsla ein gong, seier Torstein Hatlevik.

Sidan 2009 har Haaheim Gaard blitt ein del av «Dei historiske hotella» og det kulinariske nettverket «Smak av kysten». British Airways har kåra garden til månadens hotell og på nyåret kom dei på andreplass i reiseguiden.no si rangering av «Norges mest romantiske hotell». I vår vann Haaheim Gaard Nyskapingsprisen til NHO i Hordaland. 

Hatlevik har investert ein plass mellom 16 og 17 millionar kroner på garden. Kvart einaste år sidan han opna for gjester, har Haaheim Gaard gått i pluss.

Nyleg kjøpte han det gamle handelshuset og gamle Uggdal dampbakeri. No vil Haaheim trekkja mot sjøen, ved Uggdalseid. Der nede vil ein eigen filial opna med tid og stunder, med restaurant, kurslokaler og gjestebryggje.

LES OGSÅ: Seig som sirup 

– Viss me stoppar opp, så vil det gå andre vegen. Me skal vidareutvikla oss heile tida og jobba målretta, seier Torstein Hatlevik.

Visjonen hans er å skapa magiske augneblinkar for gjestene og trygge og kreative arbeidsplassar for dei tilsette.