Rekordår for Norsk Folkemuseum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordår for Folkemuseet

I fjor hadde museet 270.270 besøkjande. Det er ein auke på 12 prosent frå året før og vel tusen fleire enn den førre besøksrekorden frå jubileumsåret 1994.

LES OGSÅ: – Ikkje noko photoshop!

Jubel i jubileumsåret
– Det er inga overrasking at vi har hatt eit godt år i 2014. Feiringa av Grunnlovsjubileet har gjeve eit søkjelys på kunnskap, og då blir vi meir aktuelle. Utstillinga «1814 – Spillet om Norge og Danmark» var ei utstilling mange ville oppleva. Vi har dessutan blitt flinkare til å fortelja folk om alt det spennande som skjer på museet. Det gjer at fleire kjem på besøk, seier program- og kommunikasjonsrådgjevar, Jon Ilseng.

I år håpar Folkemuseet at utstillinga om fotografen Anders Beer Wilse skal trekkja folk til museet.

– Utstillinga opnar 16. april og innan året er omme skal alle i Noreg vita at Wilse er ein av dei viktigaste fotografane i noregshistoria, seier Ilseng. (©NPK)

LES OGSÅ: Kunstnarisk kunnskap