Han har gitt ut album, laga vikingbok og fått seg iPhone. For Oddvar Torsheim er det for seint å gje opp.

– Eg trudde eg skulle bruke eit år på å lære meg iPhone, men det tok berre tjue minutt.

Kunstnar og musikar Oddvar Torsheim skrollar gjennom bileta på mobilen. Barnebarn, vikingillustrasjonar, og strekdamer fyk forbi før, der ja – sjølvie med Rolling Stones-gitarist Ron Wood.

Oddvar hevdar dei fleste gamalrockarane stryk med i 58 års-alderen. Sjølv har han «utruleg nok» blitt 76 år, og har kanskje hatt eitt av sine mest aktive år på lenge. Han har gjeve ut plate saman med dottera Jorunn Torsheim. Hunden til psykologen har flytta til Bergen. Og no spring han «som ein tyl» for å signere «Fridtjov og Ingebjørg» – vikingboka han har gjeve ut saman med Jon Fosse.

– Eg vil ikkje sitje på gamalheimen og ete bløtkake. Picasso jobba då han var 90 år. Ein ristar hjernen ved å vere kreativ, seier biletkunstnaren.

nina_nonstops_nyttårsdans

Nina Nonstops Nyttårsdans, av Oddvar Torsheim.

Gamalrockar
Eitt av høgdepunkta i året som har gått har vore å spele inn plate. Albumet «Rokkrullat» kom ut i haust.

– Vi var i superstudio i Oslo og spela inn plata. Dottera mi er profesjonell, ho kan synge og eg diltar berre etter. Eg var nervøs, men eg er så vand med å skjelve i buksa. Eg tør ikkje å bli ein feiging no.

LES OGSÅ: Vil visa verda barna som blir fengsla

På albumet gjer Oddvar og musikarteamet mellom anna tolkingar av Bob Dylan.

– Bob Dylan var den første som våga å synge falskt. Det er seigt som sirup når han syng, men det fungerer. Eg hadde med meg mange veldig gode musikarar på plateinnspelinga. Og med eit så godt orkester, kunne eg syngje i den utakt eg ville.

Det er i høve plata vi kjem innom møtet med Ron Wood. Oddvar er fan, ikkje minst grunna energien gamalrockarane i Rolling Stones syner på scena.

– Ron Wood sat på Theatercafeen i Oslo, eg spurde kelnaren om eg kunne gå bort og helse på han. Eg ville jo ikkje plage han. Han hadde ei svær livvakt med seg, så eg tenkte at no får eg sikkert juling, men dei var veldig hyggelege. Så tok vi ein selfie.

Du veit vel også korleis det er når folk kjem bort?

– Det hender seg at folk vil ta selfie. Eg er jo verdsberømt i Halbrendslia. Eg er ikkje Obama, men dersom dei har noko glede av det, så kvifor ikkje?

oddvar2

Oddvar Torsheim. Verdsberømt i Halbrendslia. Foto: Tora Hope

LES OGSÅ: Ikkje prøv deg, pop-babe!

Fantasivikingar
Det andre høgdepunktet i 2014 har vore å illustrere Fosse si gjendikting av vikingsoga om Fridtjov og Ingebjørg, fortel Oddvar.

– Jon Fosse er ein stor mann og det var eit veldig godt samarbeid. Eg fekk også kome så vidt innom Grotten. Han bad meg om å frigjere meg frå teksten, og det er eg glad for. Så eg spant og fantaserte og laga mine eigne vikingar. Det er fantasi, med rot i røynda, fortel biletkunstnaren.

LES OGSÅ: Kvil i fred på begge sider

Boka handlar om Fridtjov den frøkne, som vil gifte seg med kongsdottera Ingebjørg, men som må syne både tålmod og mot i jakta på kjærleiken.

Er det noko vi kan lære av soga om Fridtjov og Ingebjørg?

– Det er ikkje så mykje moral i historia. Det er meir ei skildring av ei tid. Om det er noko så kan det vere det at Fridtjov er ein trufast fyr, som held ut og ventar på Ingebjørg. Det er ikkje så moderne lenger, i allefall ifølgje media. Men skandalane sit ikkje så godt der lenger heller, no får vi vite alt uansett.

Oddvar er glad for at han har klart å gjennomføre det travle året, seier han.

– Når det kjem til å lage såkalla kunst, så er hovudsaken å gjere det.

LES OGSÅ: Show i tunnelen

Vent aldri på Godot
Det neste prosjektet kunstnaren planlegg, er ei utstilling med kring 40 teikningar av damer, på rekkje og rad. Men før han kjem så langt skal han feire jul med dottera, svigersonen og barnebarna i Oslo.

– Eg er veldig glad for etterkommarane mine. Du veit, hundar, kattar og barn vert rasande om ein tek seg ein dram. Dei er meir intelligente enn oss, dyra. Ja, barna òg, på ein måte. Ein kan ikkje lure dei. Folk tenkjer at eit barn berre er ein liten bylt, men det er som om dei seier; her er eg, berre prøv å stikk av.

erta_berta_sukkererta

Erta Berta Sukkererta, av Oddvar Torsheim

Har du nokre nyttårsforsett?

– Nyttårsforsetta har eg brukt opp. Eg skal halde fram i same leia som eg gjer. Ta meg av barnebarna. Det søte liv gjorde eg unna i ungdommen, på iskalde hyblar i Danmark på 70-talet, då folk var så frigjorde at dei gjekk opp i røyk. Eg var meir ein betraktar, ein spissborgar frå Sunnfjord. Det gjekk i jobb, snaps og øl. Men no er det vitaminar, fisk og potet. Hurralivet er eg ferdig med, takka vere ei blanding av meg sjølv, Vår Herre, og ei sinna dotter. Du veit, ei sinna dotter er betre enn ti terapeutar.

Har du nokre råd til ungdommen?

– For meg sjølv tenkjer eg at det er for seint å gje opp. Til ungdommen vil eg seie – vent aldri på Godot, seier Oddvar, og lagar såleis sin eigen variant av tittelen på Samuel Becketts teaterstykke «Mens vi ventar på Godot».

– Eg meiner at ein skal setje i gong, ikkje vente for lenge. Ikkje tenk på korleis, berre uttykk deg. Inspirasjonen kjem når du er i gong, som når ein bonde legg ein steingard.

LES OGSÅ: Thea sitt år

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE