Etter å ha fått andletet kvesta i ei bilulukke han berre så vidt overlevde vakna Hallgeir Berge opp til eit nytt liv, med eit heilt unikt engasjement.

Ein svart sjørøvarlapp over høgre auge og nokre arr i ansiktet, men Hallgeir Berge lever og er smertefri. Dei einaste plagene han har er litt dobbeltsyn på det auga som folk ikkje ser.

– Eg blei født på nytt
30-åringen frå Strandebarm i Hardanger har ei sterk historie. Ei historie han har fortalt mange gonger, mellom anna gjennom media. Det er erfaringar han trur vil hjelpa han med å forstå intervjuobjekta betre når han over nyttår tek til som praktikant i Nynorsk avissenter i Førde.

Denne hausten fekk han på ny mykje merksemd då Bergen Student-TV portretterte han i serien Fjeset. Dei fortalde historia om eldsjela som kjempar for asylsøkjarane, langt etter at arbeidsdagen er slutt.

Minidokumentaren vart plukka opp av både Bergens Tidende og Aftenposten.

– På framsida til Aftenposten stod det: «Fikk livet ødelagt av ulykke – måtte ha 30 narkoseoperasjoner». Det vart heilt feil, så eg ringte journalisten. Saka var fin den, og dei endra det til: «– Jeg ble født på nytt», fortel Hallgeir, som har mange positive erfaringar med å dela historia si.

Men det er meir ei historie om ein som fekk livet i gåve, enn ein som mista ansiktet.

Og det er ei fantastisk historie.

25. april 2003: Hallgeir ligg i koma etter fyrste operasjon. Foto: Privat

Skjebneturen
Påsken 2003 køyrde Hallgeir og kjærasten mot familiehytta hennar i Valdres. 18-åringen mista kontrollen over bilen i Gudvangatunellen. Mest truleg duppa han av ein augneblink.

– Ambulansen som kom frå Førde våga ikkje å ta i meg. Andletet mitt var knust og rive til sides. Då ambulansehelikopteret frå Bergen kom, såg dei berre eit blodig krater, men så kom ei boble i alt blodet. Dei fann ut at her måtte munnen ha vore, så han stakk inn eit rør så eg fekk puste. Det redda meg, men det var framleis ei stor medisinsk utfordring, fortel Berge til Framtida.no.

Bilen hadde vorte slengt veggimellom i tunellen. Begge var hardt skada. Hallgeir sitt andlet trefte ein naudmeldingsboks, som vart riven av tunnelveggen. I tillegg var femte nakkevirvel knekt. Han vart frakta til Haukeland i helikopter, framleis sitjande i førarsetet utan at nakken rørde seg.

Haukelandsheltar
Legane reddar han frå å bli lam ved å ta eit bein frå midja og operere det inn frå fjerde til sjette virvel i nakken.

Hallgeir viser arret der beinet er teke ut og eit arr på halsen der legane gjekk inn.

I 22 timar opererte dei.

Fyrste gong Hallgeir såg bilete av kor gale det eigentleg såg ut, var fleire år etter ulukka. Det var på storskjerm i førelesning med ein sal full av medisinstudentar. Han erpensum på fjerdeåret på Universitetet i Bergen.

Det var sterke bilete. Sjølv var han sjokkert, og studentane hadde ikkje sett noko liknande.

Oppvakninga
Hallgeir hamna i koma, familien vart fortald at han kanskje ikkje ville vakne att. To månadar av livet er borte frå hukommelsen. Men både Hallgeir og kjærasten overlevde.

– Då eg vakna var andletet mitt fiksa. Eg vakna opp med ei enorm glede over livet og vart veldig bevisst på at livet er her og no. Tidlegare var vala mine veldig tilfeldige og eg tok alt for gitt. Eg såg ikkje meg sjølv og min eigen situasjon som unik, men samanlikna meg med naboen og andre. No måtte eg på ein måte bli kjent med meg sjølv på nytt, forklarar Hallgeir.

30-åringen trur karrierevegen kunne vore ein heilt annan, om det ikkje var for ulukka, som endra livet hans.

I 2002, året før ulukka, var Hallgeir på utveksling i USA og spela amerikansk fotball. Foto: Privat

– Då hadde eg søkt meg inn på jus. Noko som eg vurderte å velja helst fordi detgjev status og pengar, trur han.

I staden har han studert filosofi og språk, og utmerka seg med eit valdsamt engasjement for asylsøkjarar – både på jobb og privat.

LES OGSÅ: Med hjarta på asylmotak

På andre sida av bordet
Når Framtida møter han på ein kafé på Oslo S er Hallgeir i hovudstaden som ein slags lekdommar i tvilssaker hjå Utlendingsnemnda. Det er ingen enkel jobb.

Han har vore van med å argumentera mot Utlendingsnemnda sine avgjerder på vegne av vener som ikkje har fått framstilt saka si godt nok.

Men asylsystemet er bygd på tillit, difor er det viktig å avdekkje dei som misbruker den tilliten, forklarar Hallgeir.

Hjarta hans brenn litt ekstra for asylsøkjarane.

I desse sakene ser ein kanskje òg nokre av dei tydlegaste eksempla på kva makt det skrivne ord kan ha.

– For meg har alltid det skrivne ord vore nærastheilagt. Eg tykkjer det er ein kjekk og viktig jobb, seier Berge, som ser fram til å ta fatt på den viktige jobben det er å formidla historier til folk som journalist.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Ei hjartevarmande juleforteljing
– Eg drøymer om å skriva ei bok om flukta dei har opplevd. Det er brutale forteljingar, samstundes er det så mange mirakel oppi det heile. Eg vil dela historiene slik at nordmenn kan forstå kva dei flyktar frå. Dei aller flesteveit ikkje ein gong kva land dei kjem til, det er ikkje det som er fokuset, fortel Hallgeir engasjert.

Han har sett desse sakene på nært hald ved å bistå i asylprosessane, sett konsekvensane for dei som ikkje får belyst saka si godt nok ved å vitja tvangsutsendte flyktningar i afrikanske land og gøymd ei traumatisert småbarnsmor, som fekk avslag på asylsøknaden sin heime i leilegheita si.

– Det var heilt utruleg. Når alt håp var ute så ringte ein person og sa namnet hennar. Det var far til barnet, som ho forlét på gata i Italia då ho vart gravid. Han hadde òg kome til Noreg og visste ikkje at kjærasten var her før han såg TV2 si nyheitssending frå julaftan 2012, fortel Hallgeir.

Då filma dei at eldsjela hadde 50 asylsøkjarar på julefeiring heime hjå seg, og plutseleg såg mannen kjærasten der med den 3 år gamle dottera si.

– Han visste ikkje ein gong om barnet, men skjøna at det var hans. Han hadde attpåtil fått innvilga asyl så dei søkte familiegjenforeining med han, og flytta inn som ein lukkeleg familiehjå bestemor mi, smilar mannen med piratlappen.

I år har Hallgeir leigd eit lokale på julaftan og 1. juledag. Der er det bordplass for 75 stykk, så det blir fylt opp med vener av han som bur på asylmottak og ofte er langt frå familiane sine.

I 2012 hadde Hallgeir 50 julegjester heime. I år har han leigd lokale for 75.

LES OGSÅ: I 12 år har han kjempa

Dokumentar og memoarar
Det er engasjementet, like mykje som lappen, som gjer at Hallgeir skil seg ut.

– Eg har hatt lappen i 11 år no. Først prøvde eg å gli litt inn i mengda med briller, men no bryr eg meg ikkje, smilar han.

For 30-åringen er van med at folk ser på han.

Det var i 2012 at Hallgeir for fyrste gong fekk brei mediedekning då dokumentaren «Lykkens ansikt»vart sendt på Tv2. Prosessen med filmteamet var ei nyttig erfaring.

– Det var frustrerande og lærerikt, men òg inspirerande. Det var mi historie som vart delt gjennom nokon andre. Dei ville ikkje alltid formidla det same som eg ville at dei skulle vere med på, minnast Berge, som sjølv er godt i gang med eit bokmanus, som han drøymer om å gje ut.

Det vil ta utgangspunkt i hans eige liv, men gå nærmare inn på korleis menneske blir forma og korleis han måtte læra å bli kjent med seg sjølv på nytt.

Då vert det hans eigen historie, med hans eigne ord.

Hallgeir reiser frå Bergen til Oslo ein gong i månaden for å jobbe som lekdommar i asylsaker. Det er ingen tvil om at ulukka har fått han til å løfta blikket. Foto: Andrea Nøttveit

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE