Skal du gå rundt juletreet?
Det er i vest flest planlegg å gå rundt juletreet, ifølgje ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er eitt av funna etter at Aktivitetsalliansen bad Norstat spørje 1.000 nordmenn kva dei planlegg av fysisk aktivitet i jula, fortel Stavanger Aftenblad. 20 prosent av dei spurde planlegg å gå rundt juletreet, medan 17 prosent tenkjer å ta ein tur på treningssenter i jula og romjula.
LES OGSÅ: Deler sine beste julegåvetips
På Vestlandet er dei, ifølgje undersøkinga, hakket ivrigare på å kome seg rundt juletreet enn landssnittet. Her svarar 27 prosent at dei planlegg å gå rundt juletreet, opplyser Aftenbladet.no.
Det er berre i éin landsdel ein er meir gira på trening enn julesong. I Nord-Noreg planlegg 14 prosent ein tur på treningssenter, medan 7 prosent ser føre seg ein tur rundt grana.
LES OGSÅ: Dei beste julemattipsa