Nasjonal satsing på villaks
Staten ønskjer å bygge vidare på Norsk Villaksenter i Lærdal, og gjere det til eitt av fire nasjonale villakssenter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette skal gjerast gjennom å etablere Stiftinga Norsk Laksesenter (NLS), som vert den overbyggande organisasjon for Villakssenteret i Lærdal, Kompetansesenter for laks og vassmiljø i Namsos, eit laksesenter under etablering i Tana og eitt på Sørlandet.
Nasjonal satsing
For to år sidan tok Miljødirektoratet initiativ til å revitalisera villaksentera i Noreg. Dei etablerte ei arbeidsgruppe, med mandat til å komma med framlegg om å etablere ein organisasjon som skal fungere som eit frittståande ombod for villaksen. Gruppa gjorde framlegg om etablerar ein paraplyorganisajon/nasjonalt senter med fire avdelingar, som har felles styre og grunnløyving i botnen, fortel rådmann i Lærdal Alf Olsen jr. Han sit i arbeidsgruppa.
Under handsaminga av statsbudsjettet førre fredag går det fram at det vert sett av 4 millionar kroner til prosjekt, som skal bidra til ei god forvaltning av villaksen.
– Løyvinga på 4 millionar til dei fire einingane på statsbudsjettet i 2015, er første steget i rett retning. I framlegget til arbeidsgruppa ligg ei grunnløyving på om lag 4 millionar til kvart senter, det vil seie 16 mill totalt. Dette gjev rom for å tilsette 2-3 personar ved kvart senter. Grunnløyving varar over mange år og gjev oss mulegheit til å styrke den faglege aktiviteten ved og utvikling av Villakssenteret i Lærdal, seier Olsen jr (bildet).
Gruppa gjer også framlegg om å knyte naturrettleiarar frå Statens Naturoppsyn (SNO), til eit slikt senter.
Frå kommune til stat
– Så eigarskapet kan gå frå Lærdal kommune til staten?
– I praksis ja. For Lærdal sin del så kan me knyte senteret opp mot det som skjer i elva, som er eit nasjonalt laksevassdrag, og Sognefjorden, som er ein nasjonal laksefjord. Vidare har me kunnskap om gyro-problematikk, fiske i og forvaltning av Lærdalselvi, seier Olsen jr.
Lang veg
– Det første steget er teke, og me er komne med på statsbudsjettet. Me har eit Villakssenter som kan slåast i lag med tre andre til organisasjonen Stiftinga Norsk lakssenter, men det står att mykje arbeid, seier Olsen jr.
– Kvifor er dette viktig for Lærdal?
– Det er viktig å drive aktiv næringsutvikling på ein ressurs som alltid vil vera her. Lærdalselva er ein viktig del av kulturarven vår. Dette kan føra til kompetansearbeidsplassar i distriktet, det treng me. Me kan få eit besøkssenter som genererar aktivitet, på ein annan måte enn dei siste åra, fortel Olsen jr.
Ut frå tidlegare driftserfaringar, er det ikkje urealistisk å løfte besøkstala til mellom 20 000 og 30 000, men det krev ein innsats, legg Olsen jr. til.
I januar skal prosjektgruppa og interessentane møtast, for å legge ein vidare strategi for arbeidet og få på plass ei rolledeling.