Eg fekk sterk trong til å reisa frå alt.

Silje Dæmring Styve
Silje Dæmring Styve

Nei, eg skal ikkje skrive om jula. Alle klisjear, i fullt alvor eller med blunkande auga, er oppbrukt. Alle metaforar om forbruk og menneskeleg kulde er utvaska. Det er ikkje fleire ord eller vinklingar att for å nå inn under den tjukke nissehua vår. Og eg bør ikkje skrive noko surmaga om jula. Me treng ikkje slikt?

Om eg skriv om jula, rører eg ved nerver eg elles ikkje ville våga nærma meg. Då kjem eg til å pirke på juleglasuren, lage skår i den eldste julekula, strø grillkrydder på julegrauten din. Det torer eg ikkje. Det vert for vanskeleg og sårt, då alle sit med si sanning om den finaste, riktigaste jula. Men nokre gonger når planen er «eg skal ikkje», så vert det akkurat dét ein endar opp med å skulle gjere likevel.

Mi jul er allereie pirka i. Nokon har tagga på den gamle, kvite, handbroderte juleduken. Dei har laga medley av O helga natt, laga remix av Det hev ei rosa sprunge ispedd Jingle bells. Det byrja i oktober. Er det også blitt slik at me i mars må henge klar bunad, stryke flagget og høyre nasjonalsongar i alle kanalar, så me kjem i rett lune til 17.mai?

Det er minst to lysande julestjerner i stoveglasa hjå mange. Slik er me visse på å ikkje finne leia, og er heldige om det berre er to motstridande retningar å dragast mot. Einaste sikre er at ein i alle fall må ha den vasen. Du veit den kvite med gullstriper. Den som alle har no. Berre ein vase til, det treng eg. Det kan eg skrive på ordrelappen, eller ynskjelista, om du vil. Kor mange pynteting må ein ha for å verta glad, kor mange gåver må ein kjøpe før ein veit ein har kjøpt sjølvaste julestemninga?

For nokre år sidan sprang ein god gjeng for å kjøpe Buddhahovud til hyllene sine. Buddha vrei seg nok i Nirvana av ironien i det heile. No er mange av han hamna på Fretex. Slik at dei som ikkje hadde råd i fyrste omgang, får ein sjanse til å gje Buddha nytt liv. Men han må nok rykkja ned, til ein heim som ikkje er i eit interiørmagasin. Kanskje eg vurderer å setje han i pepperkakehuset mitt? Som ei påminning om at ein ikkje bør eige meir enn sju ting, elles eig tinga deg. Eller er åttegjenstandsregelen noko? Hinduisme, buddhisme, kinesisk visdomsord, dei ti bod? Eg måtte ty til verdsveven. Eg har sendt mail til ein munk. Har ikkje fått svar, han har nok ikkje slik forvirring på prioriteringslista si, og datamaskina er sikkert gjeve vekk til nokon som treng den.

Eg fekk sterk trong til å reisa frå alt. Stikka frå irriterande, kalde, batteridrivne stearinlys. Slike i plast som ikkje er tiltenkt personar med nedsette funksjonsevner, men berekna til fine interiørfruer. Har ei kjensle av at dei snart vert eit berg på bosfyllinga. Når det er noko anna fint ein må ha, som andre har, som dei rette andre har, fordi dei syns det er fint. Til neste år. For andre sitt gull glimer grønare på den komande statusoppdateringa deira.

Eg reiste frå jula i adventen. Til utkanten av vesten, til kanten av stupet, til El balcón de Europa i Spania. Men det var raude julestjerner overalt, til og med i rundkøyringar. Feliz navidad med tapas. Eg fann likevel mi eiga stjerne i år. Den var nedfelt i platninga der. Eg såg den nokre minutt då eg klarte finne roen, høyre bylgjene, kjenne vinden og formulere ei takk. Ei takk for at eg er meg, at eg kunne sitja akkurat der og akkurat då.

På returen minnast eg ei forteljing om ein indianar sin fyrste flytur. Han sat lenge i ankomsthallen etterpå, måtte jo venta på at sjela skulle kome fram også. Hjå den rastlause taxfree-flokken eg no befann meg i, hadde sjela vår reist i forvegen. Den sto allereie fyrst i køen og betalte kvoten, medan dei tørste kroppane gjekk sikksakk med tunge trillekoffertar av egoisme og «tingenes tilstand». Eg var ei av dei rike på flukt. Ei som tenkjer, i det eg kostbart passerar ei handfull desperate tiggarar, at når eg kjem heim, skal eg overføre eit beløp til nokon som treng det her i verden. For denne velstanden vår er til å spy av. Det er lett å tru på det ein skal.

I jula kjem eg sjølvtilfreds til å tenne mitt levande lys med fyrstikker. Tenkjer sikkert litt på kva farlege gassar det kan medføre for inneklimaet, men bortevekk er nok all fly eksos eg har øydsla med i året som gjekk. Fordufta er kanskje også minnet om at eg knuga hendene under turbulensen om bord i flyet, og gjentok inni meg; «Min Gud, min Gud, la dette gå bra!» Samt at då eg med tryggleik fekk landa, pusta eit kult «Oh my God!» Eg kjem truleg til å sitje oppblåsen mett på julafta og seie, som ei lita snelle på fire eg kjenner; «Oh my gas!» Meine det bokstaveleg denne gongen.

Og dobbeltmoralen vil blenkje heftig frå huset mitt som den glorete disko-julebelysinga eg aldri skulle ha, men som eg no har likevel. Uansett er eg sikker på at eg vil spørje meg om mitt eige visdomsord før jula: Sterkare mantra enn «du skal», er «du skal ikkje»?

Først publisert på bloggen Silje-skriveri.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE