Du vil ikkje tru kva han fekk i gryta
Håkon Frode Særsten heldt på å gå i bakken då han såg kva som låg i konvolutten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dagen fekk ei uventa utvikling for Håkon Frode Særsten, som stod grytevakt for Frelsesarmeen i Borggata fredag ettermidag, på sin eigen 58-årsdag. Mellom blide og gåvmilde forbipasserande, som stort sett putta myntar og hundrelappar i gryta, dukka det opp ein person med ein konvolutt.
– Han ville putta konvolutten ned i gryta, men då han sa kor mykje som var oppi konvolutten, blei eg heilt overgjeven, og tok han heller i lomma, seier Særsten.
Ikkje fordi han ville ha pengane sjølv, men fordi han ville levera dei frå seg så raskt som råd.
– Det er jo heilt sensasjonelt. Rett nok er folk gåvmilde, og det kjem mange med 200-lappar. Men 20.000 kroner! Det er heilt enormt, seier Særsten.
Han fekk ikkje lov av gjevaren å identifisera vedkommande, men røper såpass at det er ein kollegagjeng som står bak den rause gåva.
– Eg er heilt imponert, seier Særsten.