Obama: – Vi er alle amerikanarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er alle amerikanarar

Presidenten presenterte ei kraftig oppmjuking av Cuba-politikken til USA i ein TV-sendt tale onsdag, samtidig som Cubas president Raúl Castro talte til det cubanske folket.

Obama starta med å seia at den rigide politikken til USA overfor Cuba dei siste tiåra har hatt liten effekt.

– No vil vi normalisera forholdet og starta eit nytt kapittel, heldt han fram.

Obama sa at han lenge har hatt eit ønske om å ta nye steg overfor regimet i Havana, men slo fast at eit klart hinder var i vegen, nemleg lagnaden til amerikanaren Alan Gross som sat fengsla på Cuba for å ha importert forboden teknologi.

LES OGSÅ: – Ingen væpna revolusjon

Fangar frigjevne
Tre amerikanske senatorar flaug onsdag til Cuba for å henta Gross, som landa på den amerikanske flybasen Andrews i delstaten Maryland ved 12-tida lokal tid.

Frigjevinga av Gross er del av ei større fangutveksling mellom Cuba og USA. Vatikanet har vore involvert i forhandlingane, og Obama takka pave Frans i talen si.

– I dag kom Alan heim til familien sin, sa Obama.

Den 65 år gamle mannen som blei arrestert i 2009, blei sett fri saman med ei framståande amerikansk etterretningskjelde som ifølgje Obama har sete fengsla i to tiår. CNN fortel at det er snakk om ein cubansk statsborgar som spionerte for amerikanske etterretningsstyresmakter. Han skal ha bidrege til å identifisera cubanske spionar i USA.

Det er også stadfesta at Cuba set fri 53 personar som USA ser på som politiske fangar.

Til gjengjeld blei tre cubanske agentar som har vore fengsla i USA, returnert til Havanna. Dei tre som er sette fri, er tre av fem cubanarar som blei arresterte i 1998 og dømde for spionasje i 2001.

LES OGSÅ: Stammar frå Europa

Store endringar
Obama varsla at USA og Cuba vil arbeida for å oppretta normale diplomatiske kontaktar og opna ambassadar i landa til kvarandre. Handelsembargoen til USA mot Cuba skal etter planen lettast, og restriksjonar på reiser til øystaten mjukast opp.

Vidare vil landa arbeida for at banksamband blir normalisert og handelen mellom landa auka. USA vil også vurdera å fjerne Cuba frå listen over statar som sponsar terrorisme.

Kor raskt dei kunngjorde endringane vil skje, er framleis ikkje klart. Det amerikanske finansdepartement opplyser at ingen sanksjonar overfor Cuba vil bli oppheva «straks», men at det vil skje endringar dei nærmaste vekene.

LES OGSÅ: USA og Kina er klimaverstingar

Castro talte
– Etter meir enn eit halvt hundreår har vi blitt samde om å ta opp att diplomatiske kontaktar, sa Cubas president Raúl Castro i TV-talen sin. Men han la også til at den amerikanske handelsembargoen, som han omtalte som ein «blokade», framleis står ved lag.

Obama opplyste at han tysdag snakka med Cubas president Raúl Castro om endringa i politikken. USA og Cuba har i dag ingen offisielle diplomatiske kontaktar og har vore ideologiske motstandarar sidan bror til noverande president Raúl Castro, Fidel Castro, kom til makta på Cuba i 1959. Cuba har vore under handelsembargo frå USA sidan 1962.

Sentrale kjelder opplyser at Obama godkjende ein gjennomgang av politikken til USA overfor Cuba i april. Årsaka er at Obama-regjeringa meiner den tidlegare politikken overfor den sosialistiske øystaten «ikkje har fungert».

LES OGSÅ: Historisk klimaavtale – men kva betyr den?

Kan bli politisk rabalder
Ei normalisering av forholdet til Cuba vil møta kraftig motstand hos påverknadsrike politisk organiserte eksilcubanarar i USA, som kjempar mot all kontakt med øystaten. Også enkelte amerikanske politikarar har allereie retta kritikk mot fangeutvekslinga.

– Å byta Alan Gross mot dømde kriminelle set ein farleg presedens, seier senator Bob Menendez.

– Eg vil gjera alt eg kan for å blokkera stega til Obama mot å normalisera tilhøvet til Cuba, seier senator Marco Rubio. (©NPK)