Alle tjue var i fin form etter fleire døgn i meterdjup snø.

Ingvil Bakka, Ryfylke.net
Ingvil Bakka, Ryfylke.net

Saka var først publisert hjå Ryfylke.net.

For bare ei veke sidan var villsauene nede på Austarheim og fekk fôr før dei, heilt frivillig, drog oppover til fjells igjen. Så kom snøen. I enorme mengder.

Eigar Karl Gustav Lofthus, familien og medhjelparane hans kunne, både ved hjelp av GPS-merking og ved sjølvsyn, etterkvart lokalisera saueflokken på det høgaste punktet i Brekkeheia. Men å få sauene til å frivillig bli med heimover i den meterdjupe snøen var lettare sagt enn gjort. Delegasjonen som var oppe ved sauene i uvêret laurdag måtte gi opp forsøket.

LES OGSÅ: Kan denne redde verda?

Måndag, hadde Lofthus bestilt assistanse frå helikopterfirmaet Fonnafly for å få berga sauene ned frå fjellet. Tett snødrev og tidvis tåke gjorde det lenge uvisst om det lot seg gjera å berga sauene denne dagen. Men i 14-tida letta vêret. Etter to helikopterhiv var alle dei tjue villsauene berga ned frå Brekkeheia til dei kvite bøane på Austarheim. Sauene var snødekte, men elles i tilsynelatande svært god form.

Om sauene var skremt av den skumle og luftige helikopterturen eller om dei synest det var så rasande festleg at dei ville ha ein tur til skal vera usagt. Men kort tid etter landing var dei iallfall på veg oppover liane igjen…

LES OGSÅ: For radioaktive til å etast

Les meir om redningsaksjonen i lokalavisa Ryfylke komande fredag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE