Eddi Eidsvåg er kåra til årets «ålreite fyr» av Harry Hole-stiftinga. Prisen får han for arbeidet i Pøbelprosjektet.

NPK-NTB
NPK-NTB

Prisen på ein million kroner vart delt ut på Restaurant Schrøder måndag. Harry Hole-stiftinga og Eddi Eidsvåg har saman bestemt at prispengane skal delast mellom FNs barnefond UNICEF og stiftinga Zamora Teran Foundations.

Pøbelprosjektet har som mål å få unge menneske som har falle utanfor, ut i arbeid eller vidareutdanning.

Harry Hole-stiftinga vart etablert av Jo Nesbø i 2008.

Tidlegare vinnarar av kåringa av «ålreite» folk er Odd-Cato Kristiansen, Marit Hallen, Henning Holstad og Aslam Ahsan, Margareth Hatle og Walther Jarwson. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE