Bloggveteranen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan ho starta å blogge har Britt F. Mjelde lært mykje om fotografering og litt om kva folk likar å lese og sjå. Det ber bloggen «Bratte bakka og grøne lier»tydeleg preg av.

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Visuell stemning
Med sitt Nikon D610 fullformatskamera får ho fram kvardagsmagien i dei små tinga.

– Korte tekstar gjer seg godt, gjerne med eit litt humoristisk poeng. Stemningsfulle bilete vert folk vist ikkje lei heller, konstaterer 47-åringen.

Interiørbloggaren frå Modalen er Vekas bloggar på Framtida.no. Det betyr at ho er nominert til tittelen Verdas beste nynorske blogg, ei ære som bloggaren sjølv meiner er ein god kandidat til bloggkarrierens høgdepunkt.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Den fyrste loggen
Men vekas bloggarer slett ingen nybyrjar i bloggverda. Allereie i 1998 laga ho si eiga heimeside.

– Der starta eg ein slags blogg med daglege innlegg der eg filosoferte litt øve dagen. Den kalla eg Captains Log, den var på engelsk og greier. Diverre var det vanskeleg å få lesarar den gongen, det var før Google si tid. Alta Vista var vel den føretrekte søkemotoren, så den døyde ut litt av seg sjølv, forklarar 47-åringen.

I 2008 starta ho sin første tradisjonelle blogg, «Ramme alvor». Det viste seg å verte nett det, då ho etter ei tid måtte leggja ned bloggen på grunn av trakassering.

Men bloggaren i ho lot seg ikkje skremme frå nettet for godt, slik vart det til at lesarane framleis kan nyte kvardagsglimt frå den vene vestlandsheimen.

Sjekk ut fleire gode nynorske bloggar her.

Den kjipe stilla
– 
Kva tips vil du gje til andre bloggarar?

– Å vere seg sjølv tru er viktig i alt i livet. Det er ofte freistande å kaste seg på motetrendar og nokre gonger kan det gje suksess. Om det er suksessen ein er på jakt etter så er jo det flott, men dei finaste bloggane eg les er dei med konsistens og eigenart. Mange av dei bloggarane eg vart kjende med og som tilhøyrer den "gamle garden" på interiørfronten har lagt ned bloggepennen. Eg saknar dei verkeleg, sjølv om dei fins i "blogg-light" verda Instagram.  Vart eit løye råd, men ja.. ver deg sjølv tru, det held om Dovre faller.

Britt har eit par hundre faste lesarar og gler seg over alle tilbakemeldingane ho får på bloggen.

– Men kva er dei kjipaste tilbakemeldingane du får?

– Ingen tilbakemeldingar er vel kanskje det kjipaste, total stilla etter eit innlegg er ikkje bra, avsluttar bloggaren.


Mobryggja i Modalen i pepparkakemateriale. Foto: Brattebakka.blogspot.no

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår. Tips oss her!