Drone avslører spøkelsesby ved Tsjernobyl

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drone avslører spøkelsesby

Tsjernobylulukka 26. april 1986 medførte at radioaktive stoff vart spreidde utover store delar av verda og førte til ei målbar auke i talet på kreftsjuke i mange land. Men aller verst gjekk det ut over Pripyat. Alle dei 50.000 innbyggjarane i byen måtte flykta då ulukka gjorde det livsfarleg å vera igjen.

Tsjernobyl ligg i Kiev oblast i den nordlege delen av Ukraina. Mykje av dei nordlege områda av oblastet er radioaktivt forureina og eit sperreområde, Tsjernobylsonen, dekkjer eit stort område kring kraftverket.

LES OGSÅ: Reaktorane kjem attende

Danny Coocke, ein britisk filmskapar, har brukt ein drone til å filma byen Pripyat.

– Det var noko roleg, men svært urovekkande ved denne staden. Tida har stått stille, og det er minner frå tidlegare hendingar som flyt rundt oss, skriv han i omtalen av filmen på Vimeo.

Sjå filmen under!

Fatalt eksperiment
Tsjernobylulukka var resultatet av eit fatalt eksperiment som vart gjennomført ved reaktor nummer fire i kjernekraftverket i Tsjernobyl 26. april 1986 i Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk, i det som no er Ukraina.

I dag er Tsjernobyl-reaktoren bygd inn i ein stor betongsarkofag.

Alle reaktorar av same type er i dag modifiserte og skal vere mykje meir stabile. Ein tysk rapport om kjernekraftsikkerheit hevdar at det ikkje er fare for at ein liknande situasjon skal oppstå att.

Men enno blir det registrert høg radioaktivitet etter Tsjernobylulukka i Noreg.

LES OGSÅ: Dei aller verste katastrofane

LES OGSÅ: Utruleg drone-video frå vulkanutbrot