Seljord gjennom auga til sjøormen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seljordsormen på kanadisk tv

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.

Konseptet i fjernsynsserien Boogeymen er å utforske stader som er kjende på grunn av forteljingane om at eit slags monster eller fabeldyr bur der. Då blei Seljord ein naturleg stoppestad i andre sesong av serien, som blir produsert for ein kanadisk reisekanal.

– Det spesielle med sjøormen i Seljord er at det er så ekstremt mange observasjonar av han. Det har me ikkje vore borti dei andre stadene, seier regissør Francios Jaros i produksjonsselskapet CMJ.

Han og dei to kollegaene hans har tre dagar i Seljord og omegn. Resultatet blir eit timeslangt reiseprogram frå bygda.

– Me vil vise fram staden, kulturen og menneska gjennom forteljinga om sjøormen – på ein måte gjennom augo dens, fortel Jaros.

Då skal dei snakke med folk som seier dei har sett ormen, folk som kan fortelje om fenomenet, og folk som er skeptiske – frå ordførar til mannen i gata.

LES OGSÅ: Britane likar «Trolljegeren»

Sjøorm-dekning i VTB
Tysdag var dei innom Vest-Telemark blads redaksjonslokale i Kviteseid for å intervjue redaktør Øystein Øygarden. Tema var alt frå avisas dekning av «sjøormsaker», til kven vesttelane og seljordingane er, og kultur og tradisjonar.

– Me brukar alltid å oppsøke lokalavisa i programma våre. Dei har gjerne eit litt – kva skal eg seie – meir objektivt blikk på fenomenet. Og dei kjenner innbyggjarane i regionen så godt, meiner regissøren.

LES OGSÅ: Til Canada med skifilm

Tru og tvil
Jaros og kollegaene har reist jorda rundt sidan mai, på jakt etter dei gode forteljingane, sjela og kulturen til plassane. Kvar stad dei er innom, har ei segn om eit fabeldyr tett knytt til staden og menneska som bur der.

– Programmet tek ikkje stilling til om det er sant eller ikkje. Det er opp til sjåaren, forklarar Jaros.

– Men du personleg då, trur du på sogene og observasjonane?

Regissøren tenkjer seg om.

– Om eg trur på monstera? Kanskje. I alle fall nokon av dei, seier han, og legg raskt til:

– Og om eg trur på folka som fortel om det? Ja, så absolutt. Når dei er så overtydde at dei fortel om observasjonane og tankane sine framfor kamera, trur eg sjølvsagt på dei.

Sesong 2 av Boogeymen blir sendt i Canada i mars og april. Det er førebels uvisst om norske fjernsynssjåarar får høve til å sjå serien med programmet frå Seljord.