Personlege traktortryner

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Traktortryner

– Nokre av dei har så mykje personlegdom at eg har teke meg sjølv i å snakka med dei, medgjev fotograf Ingeborg Skrudland.

Ho er i desse dagar aktuell med boka Traktortryne. Ei bok med portrett av – ja nettopp – traktortryner.

LES OGSÅ:– Ikkje noko photoshop!

Traktorfolket
Fotografen frå Bryne vart gira med det same då Jæren forlag kontakta ho med ideen. Ho hadde allereie teke nokre traktorbilete og merka seg personlegdomane i dei motoriserte arbeidshestane.

– Nokre er gamle og slitne, nokre er strenge og andre er oppgitte. Eg tykkjer traktorar er fantastiske, spesielt dei som har levd litt, forklarar 36-åringen.

Det er ikkje noko å seie på traktortettleiken i Noreg. Ved utgangen av 2013 var det nesten 260.000 traktorar her til lands, ifølgje tal frå SSB.

93.000 av desse traktorane er fordelt på om lag 45.000 aktive bønder.

Det vil seie at kvar bonde har om lag to traktorar.

Resten av traktorane gjer nytte for seg mellom anna innan skogbruk og kommunale vedlikehaldstenester.

LES OGSÅ:19 år og gardkjøpar


Både forlagssjef og redaktør er glad i traktorar som har levd litt. Foto: Ingeborg Skrudland 

Jærtrafikken
I Rogaland, som er traktorfylke nummer fem i Noreg, er det nesten 18.000 traktorar. Det er spesielt fruktbare Jæren, som er kjent for å ha mange store trafikantar.

Etter vinteren er lukta dei spreier eit sikkert vårteikn. Dei er til glede for bønder og til irritasjon for andre trafikantar. 

Ungdommar på Jæren køyrer traktor før dei får billappen.

Ingeborg har ikkje køyrd sjølv, men har vore passasjer. I arbeidet sitt har ho møtt mange bønder med stor entusiasme for traktorane sine.

– I generasjonar har det vore eit fantastisk hjelpemiddel for bøndene. Eg vil seie at dei vert litt glade i dei. Dei er rett og slett stolte, fortel jærbuen.

Og dei er tru mot sitt traktormerke. Ein traktor er ikkje berre ein traktor.

LES OGSÅ: Den vesle mekanikaren

Rosa traktor
At traktoreigarar er stolte av maskinane sine er eit inntrykk har òg forlagssjef i Jæren, Forlag Bjørn Moi, inntrykk av.

Han fekk ideen til boka då han leste eit avisoppslag med fokus på traktorfrontar.

– Det er gitt ut bøker om traktorar før, men me har gjort det litt annleis. Litt småfrekt, seier Moi på telefon til Framtida.no.

Forlagssjefen trur at boka er ei god julegåve for både store og små traktorentusiastar.  Han peikar på at òg byfolk har eit nært forhold til traktorar, mykje takka vere Moods of Norway sitt berømte rosa eksemplar.

– Det er mykje personlegdom i traktorar som har levd ei stund, ikkje minst i traktortrynet, avsluttar Moi.


Foto: Ingeborg Skrudland