Høgskulen i Sogn og Fjordane har bestemt seg for at dei vil stå åleine. No håpar dei Kunnskapsdepartementet vil vera einige, men det blir opna for tvangsfusjon.

– Me er opne for samarbeid, men no meiner me sterkt at me må ha noko sjølvstende for å utvikla det me har fått til her i fylket vidare, seier Terje Bjelle, viserektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Han siktar til eit attraktivt studiemiljø i Sogndal og Førde, som og har utvikla seg til eit godt næringsliv i Sogndal rundt Fosshaugane Campus. Der sit og Terje Bjelle i eit kort kvarter, under ein pause i besøket frå statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad. Haugstad var invitert til bygda for å sjå kvifor Høgskulen vil, og bør, etter høgskuleleiinga sitt syn, stå åleine.

– Om høgare utdanning her i fylket skulle bli styrt frå Bergen eller Oslo trur me ikkje det hadde blitt satsa på same måte. Eg trur ikkje dei hadde brydd seg nok med den satsinga som skal til for å laga attraktive studiestader som dette. Me kunne blitt ein filial, seier Bjelle.

LES OGSÅ: Avviser samanslåing av høgskular

Større og færre institusjonar
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har bedd alle institusjonane for høgare utdanning i landet, altså alle høgskular og universitet, om å forklara deira rolle i eit utdannings-Noreg med færre og større einingar i 2020. Det er dette HiSF har svart på.

Avgjersla vart ikkje tatt utan vidare – HiSF har snakka med alle institusjonane på Vestlandet, heilt ned til Universitetet i Stavanger, om samarbeid. Lenge var det diskutert ein plan B, utan at noko vart vedtatt.

– Plan B var ein vestlandsallianse, helst ein stor allianse for vår del. Det burde i så fall vore både Høgskulen og Universitetet i Bergen, samt nokon på vår storleik, til dømes Høgskulen i Volda, så me ikkje enda opp som vetlebror, seier Bjelle. Men til slutt var det sjølvstende høgskulestyret landa på.

LES OGSÅ: Skrinlegg Vestlands-universitet

Kan gå mot tvangsfusjon
Det har ikkje lukkast Framtida.no å få ein kommentar frå statssekretær Bjørn Haugstad om besøket til Sogndal, men ifølgje HiSF sine heimesider opna departementet for tvangsfusjon.

– Sjefen min er tydeleg på at det er vårt ansvar å ta dei grepa som er nødvendige. Men me vil tenkja oss ekstra godt om før me fusjonerer institusjonar mot deira vilje, sa Haugstad til HiSF sine sider.

Under besøket fekk Haugstad eit godt inntrykk av HiSF som studiestad, men forskinga vart brukt som eit argument for samanslåing.

– Forskingsproduksjonen her, i form av vitskaplege artiklar, er ikkje imponerande, uansett kva mål du brukar, sa Haugstad til HiSF, og legg til at det er ein fare for at HiSF vil bli for små til å vera interessante som partnerar for andre i det nye utdanningslandskapet.

LES OGSÅ: Vil ikkje slå saman høgskulane

– Får inntrykk av at dei allereie har bestemt seg
Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er og imot samanslåing. For dei er avstandane hovudargumentet, forklarar leiar Tollak Mikal Kaldheim.

– Me klarar ikkje å sjå dei store gevinstane. Uansett korleis du vrir på det er det fire timar til Bergen og tre timar til Volda. Me vil ikkje få auka fagleg kvalitet av det.

– Men det er nær to timar til Førde?

– Nettopp. Me ser allereie at det er eit problem. Spesielt for studentdemokratiet ser me det er vanskeleg å skapa engasjement og få tilbakemeldingar der. Og to timar til Førde går på ein måte greitt, men det går alltid ein dag om du skal til Bergen og tilbake.

Kaldheim kjenner litt på frykta for tvungen samanslåing.

– Eg får litt inntrykk av at dei allereie har bestemt seg for at dei helst ikkje vil ha små høgskular. Det er klart det er enklare for dei om det er færre einingar, men eg trur framleis ikkje det fører til meir robuste høgskular og bedre utdanning, seier han.

LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar

Ikkje noko nakenstunt

Førebels står Studentparlamentet saman med høgskulestyret i eit nei til samanslåing. No må dei venta på svaret før dei eventuelt legg nye planar.

Nyleg stilte Kaldheim kliss naken saman med fleire andre studentar i Sogndal for å protestera mot forslaget om å innføra skulepengar for studentar utanfor EU og EØS. Han tvilar på at dette er ein kampsak det kan bli like lett å engasjera studentane i.

– Eg trur det er veldig få som eigentleg bryr seg og har lagt merke til det. Men dei fleste ser den lange avstanden, som blir det store problemet. Om me får nokon stor mobilisering her, tvilar eg på. Det er nok færre å ta av, for det er ikkje eit like fengande tema. Samstundes tenkjer ein vel at det heller ikkje er vårt problem – om eit par år kjem det nye studentar og me er ferdige her.

Eit nakenstunt er heller ikkje aktuelt for høgskulestyret, seier viserektor Terje Bjelle.

LES OGSÅ: Ap vil løyva millionar til nynorsktiltak

Vil hjelpa økonomisk
I ei pressemelding skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) at han vil gi økonomisk hjelp til dei høgskulane og universiteta som skal slå seg saman i tida som kjem. No har han fått innspel frå institusjonane rundtom i landet.

– Innspela er gjennomarbeidde, gode og viktige for den vidare prosessen. Samstundes peikar dei ikkje alltid i same retning. Regjeringa må tenkja heilskap og leggja grunnlaget for ein struktur som gjev god kvalitet og solide fagmiljø, seier Røe Isaksen.

Det er mest usemje frå høgskulane på Vestlandet – i resten av landet har mange institusjonar funne ulike løysingar. Kunnskapsdepartementet har invitert alle institusjonane på Vestlandet til Oslo i desember for å for å diskutera prosessen vidare, står det i pressemeldinga.

– Når fleire brikker har falle på plass, vil me saman vurdera situasjonen på nytt slik at alle finn ein plass i ein ny struktur, seier Isaksen.

LES OGSÅ: – Skund dykk Volda, skund dykk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE