Les rosa!

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste tida har facebook vore fylt med topp 10-liste over bøkene som har betydd mest for folk. Noko av det meir spanande på den straumen, gode tips og nye titlar. Russarar, diktsamlingar, nobelprisvinnarar og nynorske klassikarar, var det som gjekk at.

Eg såg ingen pastellfarga romanar. Uansett om ein kallar det feelgood eller chick-lit (sjangeren som ifylgje Wikipedia tek opp kvinneproblem på ein humoristisk måte), så er konseptet er klårt. Det er problematisk å finne seg ein mann, fikse jobben, takle familien(eller vald, sjukdom og død, som det også finst døme på i sjangeren), men det går bra til slutt. Typiske døme er En kvinne på slep av Sarah Mason, fleirfaldige romanar Marian Keyes, og ho det heile starta med: dagbøkene til Bridget Jones av Helen Fielding.

Dette kan ganske enkelt vera fordi vener og veners vener ikkje les slikt. Eller fordi bøkene er av ein slik karakter at dei ikkje får noko avgjerd for folk. Eller fordi sjangeren er døande, som India Knight påpeika i The Guardian førre veke, og skreiv om «what we used to call chick lit». Eller fordi dette er bøker ein ikkje nemner på slike lister, slik ein kan lese dei på hytta eller eit fly, men ikkje putte dei i bokhylla i stova.

Eg har ikkje belegg i nokon retning, men unner like fullt sjangeren ei lita kjærleikserklæring.

For sjølv om det er litt flaut: Bridget Jones’ dagbok må vera boka som har betydd mest for meg. Det er ikkje den beste eller den mest språkleg inspirerande, men like fullt den med størst innverknad. Eg hugsar framleis dagen eg lånte den på biblioteket. Eg var 12 år og hadde nett sett filmen. Så las eg og las på nytt. Og ganske med ein gong hamna eg i 30-årskrisa, som vara fram til jul i fjor (så vonleg slepp eg den ekte når eg faktisk fyller 30). I boka er den skildra som ein eksistensiell angst «frykten for å dø i ensomhet og bli funnet tre uker senere halvveis oppspist av en schæferhund».

Men mest av alt følte eg, som millionar av andre jenter – eg var Bridget. Som med den evige slankekuren «Er i rute igjen. Skal ned på 55 kg igjen og befri lårene for alt som heter cellulitt. Regner med at alt blir bra da». Eller når Bridget vurderer å reise på festival, og tenker at «Dessuten kommer alle til å være mer vellykkede og ha det morsommere enn meg».

– Det er sårbarheita, sa ei god venninne, ein av gongene eg la ut om boka.

Eg har vorte forfattar og har studiepoeng i litteraturvitskap. Men ingen har tatt plassen til Bridget Jones. Sjølv om kjensla av å lese den som 12-åring aldri kjem attende. Slik det er med bøker (eller songar ein har høyrt, eller stader ein har vitja), den fyrste kjensla kjem aldri attende. Men sårbarheita er framleis der, for meg som for Bridget Jones. Kvifor har han ikkje ringt meg (eller sendt ei melding, eller i det minste lagt meg til på facebook)? Kvifor er ikkje invitert på den festen?

Den tydelege og kvardagslege sårbarheita er det fine med dei rosa bøkene, er ikkje den til stades er det lite at. Om det er å klumse rundt – krangle med døde ting og ramle, å seie så dumme ting at ein vil søkke i bakken, ubehaget ved å bevege seg inn i eit prøverom, verbale stikk frå medmenneske som øydelegg dagen, og ikkje minst – ein evig fylleangst. Dette er element eg har møtt i desse bøkene, og som eg kjenner på i eige liv mest heile tida.

Ein kan tenkje det er overflatisk og lite litterært. Men alt treng jo ikkje vera djupt og litterært. Som Ida Helene Korsvold, redaktør i Cappelen Damm peika på i ein sak om sjangeren i Aftenposten i fjor:

– Det handler om å se verden med skråblikk, selvironi og humor, og fortelle historier som leserne kan identifisere seg med.

Eg tenkjer desse bøkene kan ha ein vidare funksjon. Til dømes med å opne døra til den djupare/meir litterære/meir påskjøna litteraturen – startar ein å lese så held ein fram og opnar ofte bøker ein ikkje hadde tenkt. Men kanskje treng dei ikkje det. Nokre gonger kan det vera fint å vite korleis det går til slutt og sleppe å tygge på dialogane. Og så kan det vera ganske triveleg å kjenne seg att.