Ordførarane i Odda og Aurland er nøgde etter møtet med Erna Solberg. Statsministeren lova 46,5 millionar kroner ekstra til flaumreparasjonar før jul.

NPK-Benedikte Grov
NPK-Benedikte Grov

Onsdag møtte ordførarane i dei flaumråka kommunane Odda, Aurland, Voss og Lærdal statsministeren og statsrådar og statssekretærar i til saman seks departement i Oslo.

I forkant av møtet håpa Odda-ordførar John Opdal (H) på klare signal om ekstramidlar som skal vere med å dekkje dei kommunale kostnadene etter flaumen i oktober. Han var fornøgd etter møtet.

– Det var eit veldig bra møte, for regjeringa og statsministeren vil gi midlar til gjenoppbygging. Det er av ein storleik, og med ein eigendel, som gjer at vi kan handtere det, seier Opdal.

– Eit anna poeng er at vi får midlar allereie i 2014, så vi kan kome i gang med gjenoppbygginga, fortel ordføraren.

LES OGSÅ: Litteraturdagar som planlagd

Ekstraløyving før jul
Flaumen i Odda, Flåm, Lærdal og på Voss gjekk kraftig ut over eigedom og bygningsmasse. Tal frå forsikringsselskapa viser at det er så langt er utbetalt over 400 millionar kroner.

 

I tillegg til denne summen kjem rekninga for skadane på vegar, jernbane og dyrka mark. 

I det salderte 2014-budsjettet, som blir lagt fram fredag 21. november, kjem regjeringa til å løyve ytterlegare 46,5 millionar til arbeida etter flaumen. Beløpet skal dekkje utbetring av skadar på statlege vegar og jernbane i år, akuttiltak i regi av NVE og dessutan kostnader i Sivilforsvaret.

– Dersom det er behov for det, kjem regjeringa tilbake til Stortinget med ein proposisjon med forslag om tilleggsløyvingar, seier statsministeren.

LES OGSÅ: Sp med milliardpakke til distrikta

Overslag
Dei kommunale utgiftene knytt til flaumen er i Odda førebels rekna til 120 millionar kroner, men desse tala skal kvalitetssikrast.

– For eigendelen blir det sett eit kronebeløp etter kor store skadane er, og kor mange innbyggjarar det er i kommunen, seier ordførar John Opdal.

– Eit anna poeng vi tok opp, var distriktsdelen i NVE. Han er på 20 prosent, og det synest vi er rimeleg høgt. Det lova statsministeren at ho ville sjå på, seier Opdal.

LES OGSÅ: Vil ikkje ha byggjeforbod i flaumsone

Infrastrukturen råka
Flaumskadane i Odda er omfattande.

– Vi er råka sterkast i den kommunale infrastrukturen, det er store skadar på vass- og avløpsanlegg og på bruer og vegar. Brua som går over elva til eit bustad- og næringsområde, har kollapsa. Det er òg ein del skadar på elektriske anlegg, fortalde Odda-ordføraren før møtet.

LES OGSÅ: – Ville Vesten under Mannen

130 millionar
Flåm i Aurland kommune blei òg sterkt råka av flaumen. Her er kostnaden til å byggje og reparere skadane på den kommunale infrastrukturen anslått å koste 130 millionar kroner. NVE har berekna at det kostar 69 millionar kroner å flaumsikre Flåm.

Også Aurland-ordførar Noralv Distad (H) var optimistisk etter møtet onsdag.

– Eg er veldig godt fornøgd. Vi fekk presentert skadane som har skjedd, og behovet vi har for å byggje opp att. Tilbakemeldinga både frå statsminister og statsråd er at dei stiller opp, seier han.

Optimistiske
– Vi får anledning til å ta ut midlar til å dekkje kortsiktige utgifter. Søknadsfristen er 5. desember. Så kjem dette med skjønnsmidlar til ei total gjenoppbygging av kommunal infrastruktur og at NVE får rammer som gjer at dei får gjort sitt, seier Distad.

Han viser òg til signal om at eigendelen for å reparere den kommunale infrastrukturen ikkje blir avskrekkande stor.

– Vi er optimistiske og trur staten tek hovudansvaret, seier han.

Viktig med framdrift
Aurland-ordføraren legg vekt på at det er svært viktig å få ei kontinuerleg framdrift i sikringsarbeidet.

– Slik det er no, er vi sårbare viss det kjem ein ny flaum. Alt dette hastar, seier han.

– Eg synest regjeringa viser vilje til å ta ansvar, det er vi glade for. Innbyggjarane i Flåm er interesserte i å byggje opp att, det er òg kommunen og staten. Det skal bli ei god løysing på dette framover, meiner Noralv Distad. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE