Arvesynd og oppstode

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nils Henrik Smith har skrive ein roman med ein gammal OL-song som tittel, og menn som dreg til Kviterussland for å finne kvinner som tema. Ein kan bli fordomsfull av mindre. Men du skal ikkje alltid døme boka etter omslaget. «Se ilden lyse over jord» er ei ærleg og fin skildring av ein aldrande – men ikkje gammal – mann sine tankar om levd familieliv, og framtidig samliv. Forfattaren Nils Henrik Smith skal vera fødd i 1980, og kan umogleg ha opplevd dette sjølv, men kjem likevel unna med truverdet i behald.

LES OGSÅ: Sure folk og tullenyheiter

Den mannlege hovudpersonen, som ikkje blir namngjeven, har tre barn saman med ei kone som han no er skild ifrå. Eldstesonen er dø, og var tungt funksjonshemma heile livet. Til alt overmål døydde han same dagen som det var herrestafett i langrenn under OL på Lillehammer. Eit slags mannefall begge delar, da det var knytt store forventningar til det norske herrelandslaget.  

Mannen vi blir kjent med dreg til Minsk, etter å ha møtt Kataryna på nett. Ei velskulert og vakker dame, som til alt overmål berre halvparten så gammal som han sjølv.  Hovudpersonen har elles eit hanglande tilhøve til dei to attlevande barna sine, og ein yrkeskarriere som vegingeniør som snart er på hell. Det meste skulle tilseie at livet sjølv er på hell, men så er det altså livskraft nok igjen til både å attrå og oppsøke kvinner. Parallelt med dette livgjevande begjæret, lever ei tung skam i han. Skam over ein funksjonshemma og avliden son, og deretter skam over å skamme seg over nokon han eigentleg har elska.  

LES OGSÅ: Rydland på sparebluss

Det er fleire tema som blir frakta til torgs i denne boka. Er det noko i folkesjela vår som speglar seg att i menneskesjela? Og kor særmerkt er den norske folkesjela samanlikna med andre, til dømes den kviterussiske, som vi elles trur vi ligg ganske langt unna?  Dette tenkjer ein litt over medan ein les. Men aller mest blir ein gripen av det menneskelege og ærlege. Det du elles ville tenkt var ein gammal gris, er faktisk berre ein mann som enno sit att med ein god porsjon livskraft, trass i alle sine gode og vonde dagar. Å sjå elden lyse er neppe nokon gong for seint.

Tittel: «Se ilden lyse over jord»
Forfattar: Nils Henrik Smith
Sjanger: Roman/Drama
Forlag: Det Norske Samlaget (2014)
Lengd: 208 sider

LES OGSÅ: Fitteprat