Eskil har gjort Årdalsnaturen verdskjend

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har gjort Årdal verdskjend

Saka vart først publisert hos Porten.no

Gjennom foto-delingstenesta «Instagram» deler Eskil Digernes eineståande bilete av Årdalsnaturen for dei nesten 33 000 følgjarane sine.

Eskil kom til Årdal av same grunn som mange andre, han skulle jobbe på Hydro. Den turglade bergensaren fekk tidleg augo opp for naturen rundt bygda, og det gjekk ikkje lang tid før kameraet vart ein trufast følgjesven på fjellturane.
– Naturen i Årdal er fantastisk. Det er trongt og bratt, rett og slett veldig spesielt og unikt. Liknande fossefall er òg noko ein må leite lenge etter. Spesielt godt likar eg Avdalsskåri, Dyrhaugstind, Middagshaugen og Vettismorki.

LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar

Ung og lovande

Eskil har ikkje vore oppteken av fotografering i meir enn 2,5 år, og lite viste han då han begynte at fritidssysselen skulle verte så omfattande. 

– Eg fann fram fotoapparatet då eg kom til Årdal for å vere lærling på Hydro. Fotografering vart noko eg kunne fylle fritida med, og eg byrja å leggje ut bileta på sosiale medium.

Tidsfordriv

Etter dette har det balla godt på seg, og Eskil har i dag nesten 33 000 menneske frå heile verda som abonnerer på bileta han legg ut. Sjølv er han audmjuk og seier at han ikkje bryr seg om populariteten.

– Eg eig ikkje «ro i ræva» og surrar difor til stadigheit rundt på alle moglege fjelltoppar og attraksjonar. At mange likar bileta eg tek er sjølvsagt hyggeleg, men det er ikkje sånn at eg fotograferer for å vere populær. Eg jaktar ikkje «likes». Å fotografere er for meg ein hobby og noko eg likar å drive med, sjølv om eg gjerne på lang sikt ynskjer å lage filmar.

LES OGSÅ: Venstre vil gi 10 mill. til økoskulen

Møter likesinna

Eskil er ikkje den einaste som utnyttar posisjonen sin i sosiale medium. Han fortel at det er mange som driv med det same som han, og at ein via sosiale medium lett kjem i kontakt med likesinna. Eskil har til dømes husa fleire menneske som reiser rundt og opplever verda.

– Dei fleste eg har kome i kontakt med er ute etter å oppleve verda. Mange av dei har sett bileta eg har lagt ut og tenkjer at «wow, dit vil eg reise». Nokre dagar seinare kan dei stå på døra mi. Eg har mellom anna fått vitjing av amerikanarar og australiarar i Årdal, og då tek eg dei sjølvsagt med rundt i bygda og syner dei alt det flotte Årdal har å by på. 

– Dersom eg finn ut at eg ynskjer å vitje landet deira, gjer dei det same mot meg, og på den måten har ein plutseleg kontaktar og vennskap over heile verda.

LES OGSÅ: Ungdomsråd kjempar for 4H

Vert sponsa

Det store følgjartalet gjer det mogleg for Eskil å tene pengar på hobbyen sin. Seinast for nokre veker sidan vitja Eskil USA i tre veker, og på den turen betalte han berre for maten. I staden for å leige inn dyre PR-byrå, vender mange selskap seg til sosiale medium for å drive marknadsføring.  

Har du Instagram? Del dine bilete med oss på #mittporten. Bileta vil då visast HER. 

– Det er eigentleg ganske enkelt. Eg får diverse saker og ting for å leggje ut eit bilete som «reklame». Dette er økonomisk for selskapa samstundes som det er supert for meg. Eg fekk til dømes leige ein Cadillac gratis i tre veker då eg var i Amerika mot at eg la ut eit bilete av bilen.

LES OGSÅ: Skeptiske til Star Wars

Natur med humor

Eskil elskar å reise verda rundt og fange ho på kamerafilmen, men han tykkjer ikkje noko kan måle seg med norsk natur. Sjølv om bygningar kan vere flotte å sjå på, er det naturen som lokkar den rastlause bergensaren.

– Ingenting er betre enn å rusle rundt i den frie naturen. Ekstra spesielt er det i eit land som Noreg med så imponerande og variert natur.  

– Det er nesten som om naturen i Noreg har ein sans for humor. I motsetning til naturen i Amerika der det er lange sletter og rette linjer, er naturen i Noreg prega av rare former og gripande unike formasjonar. Kvar elles enn i Noreg kan ein finne til dømes Trolltungen, Preikestolen eller Kjæragbolten? 

LES OGSÅ: Ho badar når resten frys

Store opplevingar

Fotograferinga som hobby, sponsinga frå ulike selskap og fin skiftplan på Hydro gjer det mogleg for Eskil å reise rundt og oppleve verda. Den største opplevinga hadde han på Island, då han skulle fotografere vulkanar og isbrear. 

– Island er definitivt favorittlandet så langt. Der vart eg tatt med opp i eit lite propellfly for å fotografere det unike landskapet. Sjølvsagt var det vind og full storm då eg skulle fotografere frå det vesle flyet. Det var så lite at eg kunne kjenne varmen frå motoren gjennom golvet. Det var ei heilt fantastsisk oppleving, noko eg verkeleg aldri kjem til å gløyme.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Store planar
I laupet av dei to siste åra har Eskil vitja seks land i Europa og 13 statar i Amerika, men han ser seg ikkje ferdig med det fyste. Han er allereie i gang med planlegginga av framtidige turar og har sett seg ut fleire reisemål. Allereie i februar er Eskil på ei ny oppdagingsferd. 

– I februar er eg forhåpentlegvis i New Zealand, kanskje vert det ein liten tur til Australia òg. Eg jobbar og tener pengar og ser ingen poeng i å stue dei vekk på ein konto. Eg lever livet og trivst svært godt med det.

LES OGSÅ: Nakensjokk som lynavleiar