Set døra på gløtt for asylbarna
Politikarane i Stord varslar at dei vil finna pengar til asylbarnehagen på Heiane dersom regjeringa sett kroken på døra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka vart først publisert i Sunnhordland
Dersom regjeringa sitt forslag om å kutta støtte til barnehageplass for fire- og femåringar som bur på asylmottak går gjennom, kan borna på Heiane mottakssenter stå i fare for å mista det tilbodet dei har i dag. Om så skjer, er politikarane villige til å blå opp for å sikra tilbodet. Det vil kosta kommunen om lag ein million kroner.
– Me er samde om å prøva å få det til, men det blir i så fall ei forhandlingssak, og me har verken sagt noko om beløp eller noko anna, seier ordførar Liv Kari Eskeland (H).
LES OGSÅ: Regjeringa har kasta ut 484 asylbarn
Då formannskapet handsama budsjettet onsdag, tok Katrin Innvær Ankervold (Ap) til orde for å understreka endå sterkare at dei vil sikra tilbodet til desse borna. Då Sigbjørn Framnes (Frp) trua med å stemma imot det felles budsjettforslaget trekte likevel Ankervold protokolltilførselen sin. Formannskapet blei til slutt samde om å leggja inn eit punkt om å «sjå på resultatet frå statsbudsjettet med omsyn til barnehageplass på mottaket».
SUNNHORDLAND MEINER: Hjerterått kutt
– Dette er den absolutt svakaste gruppa me har, og dersom forslaget om å kutta denne støtta går gjennom på Stortinget, meiner eg faktisk at me på Stord skal visa at det ikkje er sånn me vil behandla våre nye nordmenn, seier Katrin Innvær Ankervold (Ap).
Ho ser med skrekk på ein situasjon der borna til asylsøkjarar skal sitja innesperra på små hyblar saman med foreldra, i staden for å starta integreringa i ein barnehage.
– Ein snakkar heile tida om at folk må læra seg norsk og bli ein del av det norske samfunnet når dei kjem hit. Barnehagane er den desidert beste arenaen for å bli integrert, og no vil dei fjerna dette tilbodet. Det er ikkje Norge verdig, seier Ankervold.
LES OGSÅ: Berre kvart sjette asylbarn får bli