Innskjerpa uniforms­rutinar etter 22. juli

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg kan stadfesta at me er blitt meir bevisste på å samla inn alt av uniformar og effektar, til dømes når nokon, av ulike grunnar, sluttar i politiet, seier politimeister Steinar Langholm i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Som følgje av terroranslaget 22. juli?

– Ja.

– Såg politiet meir mellom fingrane på dette før 22. juli?

– Verken før eller etter 22. juli har det vore lov å gje seg ut for å vera politi, utan å vera det. Uniforma er vår arbeidsreiskap, og det er viktig at befolkninga har tiltru til at personar kledde i uniform har den myndigheit som uniforma representerer. Men 22. juli var nok ein viktig påminnar om kor alvorleg det kan bli når feil person utgjev seg ut for å vera ein myndigheitsperson.

Bakgrunn: Ronny (25) fekk politiet på døra etter Facebook-bilete 

Facebook
Som kjent var terroristdømte Anders Behring Breivik ikledd politiuniform då han slo til mot Regjeringskvartalet og AUF sin sommarleir på Utøya 22. juli 2011. Til saman 77 menneske vart drepne.

Ronny Larsen (25) på Stord fekk sjølv politiet på døra, etter ei langt meir uskuldeg handling: Å ha posta eit bilete på Facebook, der han var ikledd ei politiskjorte. Skjorta var kjøpt på ein ferietur i Thailand for sju-åtte år sidan. 

LES OGSÅ: Stord-lensmannen meiner saka er løyst fornuftig

– Forbodet mot å gå med politiuniform har vore der veldig lenge, slår politimeisteren fast.


Ronny Larsen fekk besøk av politiet etter å ha publisert eit bilete av seg sjølv i falsk politiuniform. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Ingen straffesak
Ifølgje straffelova, paragraf 328, kan lovbrotet føra til bøter eller fengsel inntil tre månader.

– Politiet på Stord valde å løysa saka på lågast mogeleg nivå, utan å oppretta straffesak mot Larsen. Er du samd i det?

– Denne spesifikke saka er handtert av Stord lensmannskontor. Eg uttaler meg på generelt grunnlag, og eg har full tiltru til at saka på Stord er handtert på best mogeleg vis av lensmannskontoret der, svarar Steinar Langholm.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.