Edvard Hoem har forska i eiga familiehistorie. I «Slåttekar i himmelen» fortel han episk om utvandringa til Amerika – og om dei som blei igjen.

NPK-NTB-Veronica Karlsen
NPK-NTB-Veronica Karlsen
Faktaboks

Edvard Hoem (f. 1949)

• Er roman- og biografi-forfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar.

• Han har vore innstilt til Nordisk råds litteraturpris fire gonger.

• Bøkene til Hoem er selt til ni land.

• Den førre romanen hans, «Mors og fars historie», selde over 70.000 eksemplar og er ein av dei mestseljande romanane på nynorsk nokon gong.

• I fjor avslutta han sin gedigne Bjørnstjerne Bjørnson-biografi i tre bind.

• No vender han tilbake til skjønnlitteraturen med «Slåttekar i himmelen», ei bok tufta på kunnskapen Hoem har om sin eigen oldefar. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Vi får eit levande bilete av ei spennande brytingstid i den nye romanen til Edvard Hoem, som kjem ut på Forlaget Oktober.

– For nokre liv. Vi må ikkje gløyme at dei trass i mykje slit også opplevde litt av eit eventyr, seier Edvard Hoem om romankarakterane i si nye bok. Kalenderen viser seint 1800-tal, og forfattaren trekkjer her sine eigne forfedre ut av skuggane.

Lenge har han tenkt at han burde skrive roman basert på historiene han voks opp med, ikkje minst om oldefar Knut Hansen Nesje.

– Dette stoffet begynte for alvor å leve då eg fann berøringspunkt med utvandringa til Amerika. Eg såg at dette er heile landets historie.

For, seier Hoem, vi har kanskje alle eit søskenborn på Gjøvik, men dei fleste av oss har også blodsband til USA.

LES OGSÅ: Språkprisen til Hoem og Gunnes

Om tap og forsoning
Om den slitesterke oldefaren sin visste Hoem ein heil del då han sette seg til tastaturet. Far til Hoem var ein historieforteljar av rang og nølte aldri med å dele frå familiemytologien.

Det fanst også fleire bilete av den myteomspunne forfaren i barndomsheimen. Eit diplom frå Norges Vel fortalde om ein mann som rydda og dyrka 16 mål jord, utrusta med spade og hakke.

– Dette gjorde han på «fritida». Til dagleg jobba han på den store Gørvell-garden, fortel Hoem.

Den gamle låven etter oldefaren til Hoem står den dag i dag ved Frænfjorden i Romsdal. Forfattaren har også hatt tilgang på fleire brev den godaste Nesje sende til sonen i Amerika. Oppslagsverk på nettet og kyrkjebøker har også vore til uvurderleg hjelp.

– Berre det å finne ut kva dei pakka i koffertane før Amerika-reisa, og kva ein Amerika-billett kosta … Ja, research-jobben blei ganske stor. Men først og fremst har dette vore ei fantastisk reise for meg, seier forfattaren om skriveprosessen.

LES OGSÅ: Inspirasjonen frå far

Kvinneleg perspektiv
I den andre hovudrolla har Hoem plassert den unge svigerinna til Nesje, Gjertine. Hoem fortel om ein fascinerande kvinnefigur:

– Dei få tinga eg visste, seier veldig mykje om henne. Eksempelvis talte ho presten midt imot under konfirmasjonsførebuingane. I tillegg var ho den mest engasjerte brukaren av det lokale biblioteket. Og som 27-åring drog ho til Amerika.

I boka får vi følgje henne over dammen til det store, lovande landet. Men i Minnesota er det meste av jorda allereie teken. Gjertine driv vidare mot prærie-området i Sør-Dakota. Her kjem ho til urørt jord, ville krøtter og indianarar. Præriestormane kan vere røffe, men verda ligg open – med løfte om fridom og arbeid. Masse arbeid.

– Det var litt av eit slit. Men tenk kva dei fekk oppleve. Det må ha vore omtrent som å kome til ein annan planet, meiner Hoem.

LES OGSÅ: Den nye, gamle historia

Hjarteskjerande avskjed
Noko den norske forfattaren har tenkt mykje på undervegs i skrivinga, er alle foreldra som sat igjen medan borna prøvde lukka i Amerika.

– Mange fekk aldri sjå borna sine igjen, og det er ein hjarteskjerande tanke. Men dette var noko mange måtte forsone seg med.

Hoem seier temaet for boka nettopp er tap og forsoning. Nesje måtte nemleg godta at den eine sonen etter den andre forlét han.

– Livets realitet er no eingong slik at borna skal ut i verda, dei skal jo fly ut av reiret. Men den gong gjorde dei det i veldig bokstaveleg og brutal forstand.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE