Vekas bloggar spreier handarbeidsglede på nett. Alle må byrje ein stad.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.

LES FAKTALUKK FAKTA

Solveig Grimstad vart inspirert av handarbeidsbloggar verda over og starta bloggen «Solstrikke»i 2007 for å dokumentere det ho sjølv held på med på handarbeidsfronten.

Det er ikkje lite. Kva med ein heimehekla lampeskjerm? Eller kanskje ei Game of Thrones-puteer meir din stil?

LES OGSÅ:Kårar verdas beste nynorske blogg

Strikkelysta
«Solstrikke»er denne vekas blogg i Framtida.no, og i hennar hjørne av internett bugnar det av kreative hekleoppskrifter, bruktfunn og anna.

– Eg har alltid vore glad i å lage ting. På bloggen skriv eg også om baking, oppussing, turar og slikt. Men no til dagleg vert det mest strikking og hekling, så då er det det eg skriv om, skriv Solveig i ein epost til Framtida.no  

Kanskje tenkjer du at strikking er ein aktivitet for gamle damer, men då er det du sjølv som er avleggs, for slik er det ikkje no lenger.

– No er både hekling og strikking svært populært. Veldig mange strikkar og heklar til seg og sine, som dei gamle damene også gjorde før. Skilnaden er vel at før gjorde ein det fordi ein måtte, men no gjer ein det fordi ein ynskjer å ha unike klesplagg, forklarar den Ørsta-baserte bloggaren.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Søk og du skal finne
Strikking og hekling kan kanskje virke litt avskrekkande når ein ikkje kan det, men ifølgje proffen er det berre å setje i gang.

– Alle må starte ein stad, lærer ein seg det grunnleggande er det ganske mange ting ein kan lage. Og så kan ein gå laus på vanskelegare prosjekt etterkvart.  Lær deg dei grunnleggande teknikkane først. Og ikkje ver redd for å prøve. Står du fast, ikkje vere redd for å spørje om råd. Besøk lokale strikkekaféar eller husflidslag. Det finst også eit uttal av Facebook-grupper, nettforum og nettsider som handlar om strikking og hekling. Der finn ein også mange gratis mønster. Prøv deg også på Ravelry.com, den største netttstaden for hekle- og strikkeinteresserte. Oppskrifter finst det så mange av at der må ein berre søke etter det ein vil lage, tipsar Solveig.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!

Dynetrekk som skjørt
Den fingernæme læraren vonar andre vert inspirert av bloggen hennar og meiner me bør verte flinkare å nytta bruktmateriale.

– Brukte ting og gjenbruk er i vinden som aldri før. Og det er miljøvenleg med gjenbruk, argumenterer bloggaren, som sjølv har funne storparten av møblane sine på bruktbutikk.

– Og andre ting kan få nytt liv som noko heilt anna. Dynetrekk kan bli fine skjørt til dømes, tipsar strikke- og gjenbruksmisjonæren. 

Så no er det ingen grunn til ikkje å setje i gong nokre eigne prosjekt. Berre fantasien set grenser.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE