– Eg hadde 200 hjarteslag i minuttet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

200 hjarteslag i minuttet

Artikkelen vart først publisert i Sunnhordland

Interessa for fjellturar har sveibuen hatt frå dagane han var student på høgskulen på Rommetveit. Først i sommar, 20. juli, tok han det verkeleg lange steget – 300 meter over fiskehamna i Svolvær.

LES OGSÅ: Går og bloggar Noreg på langs

– Mange har teke betre bilete
– Svolværgeita er eit fantastisk motiv, og det finst mange som har eit betre bilete av seg sjølv på toppen. Kanskje eit der dei står oppreiste eller tek hoppebilete, anten rett opp eller over til andre hornet. Eller etter å ha klatra opp utan guide og i verste fall utan sikring. Men eg likar akkurat dette biletet best, seier Vallestad til Sunnhordland.no.

– Fordi eg veit at den pittelitle prikken på toppen, den som ikkje er heilt lett å sjå kva er for noko, det er meg, etter at eg trassa høgdeskrekken og fekk ut det maksimale av mi heller svake klatredugleik.

LES OGSÅ: Sjå gutane som sumde over fjorden

Interessa aukar
Dryge ti år har gått sidan Vallestad blei kjend med Asle Gjerde og Trond Olav Lønning på Høgskolen Stord/Haugesund. Det var starten på interessa for fjellturar.

– Me traska me rundt på Kattnakken og Stovegolvet, lukkeleg uvitande om at det fanst ein fjellknaus som heitte Svolværgeita i Lofoten. No når me er blitt vaksne og spreidde frå Karmøy til Bergen, traskar me framleis rundt i fjell og dalar saman. Interessa for fjellturar og naturopplevingar har med tida blitt større, seier Vallestad.

LES OGSÅ: Nordisk kosthald er bra for helsa

Planlagd i detalj
– For eit par år sidan fekk eg sjå eit bilete av ein kjenning stå på toppen av Svolværgeita. Eg kjende ei sterk trong til å ta eit slikt bilete av meg sjølv, trass i kriblinga i heile kroppen berre ved tanken. Det laga seg etter kvart ein lauseleg plan om bilferie til Lofoten med kajakkar på taket og telt, dykkarutstyr og klatreselar i bagasjerommet.

Med Internett og ulike tv-program som inspirasjon, blei turen planlagd i detalj. Trioen ville ha mest mogleg ut av tida og turen, og pengane, som Vallestad sjølv seier.

– Måla me enda opp med var padling til Torghatten på Helgelandskysten, dykking med kjentmann i Saltstraumen og guida klatreturar til Svolværgeita og Stetind. Med litt flaks fekk me drege i land ein lofottorsk og padla med kval. Lofottorsken blei bytt ut med lofotmakrell, men dregen opp frå kajakk i steikjande varm sol med Lofotveggen som kulisse og ei nise på jakt etter same stimen, gjorde denne endringa ubetydeleg, fortel han.

LES OGSÅ: Lever livet ute

– Hugs å få nokon til å ta bilete
– Stetind var utan tvil den sterkaste opplevinga. Har du normalt god fysikk og litt pengar å kasta bort, då har du alt du treng for sjølv å klatra til toppen av Svolværgeita. Men hugs å få nokon til å ta eit bilete, oppmodar han.

Å stå på toppen av Svolværgeita skal visst vera litt av ei oppleving, skal me tru 38-åringen.

– Der, heilt på toppen, sit eg i skrekkblanda fryd med om lag 200 hjarteslag i minuttet og nyt utsikta, finvêret, kjensla og opplevinga – samstundes som eg klamrar meg fast med min lett skjelvande kropp som om sikringstauet berre er til pynt. Ein liten augneblink der heile sanse- og kjensleregisteret er aktivert på ein gong. Fantastisk! slår Vallestad fast.

LES OGSÅ: Rumpeldunk eller cheerleading?