Dikt om heile livet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk er fint i dikt. Du kan mislike det som argument, men neppe motseia det som sanning og realitet. Diktsamlinga «For deg» av Oskar Stein Bjørlykke er nettopp eitt av dei verka som gjer at nynorsken blir så fin i dikt, anten vi likar det eller ikkje. 

Det er ei diktsamling om heile livet. Om glede, trøysteløyse, forundring og kvardag. Ho er servert av ein mann som har levd lenge, og skrive mykje. Formuleringane dansar av garde.

«langt, langt borte
men så inderleg nær
ropet
er i deg all din dag»
 

Bjørlykke tek oss gjennom vonde augneblinkar: 

«dagen døyr
i solrenninga»

alvorsam samfunnskritikk:

«Sjølv i det beste
av alle land
er det verste på plass
du ser det stire
i gluggane blant alt godt»

og djupt personlege inntrykk:

«ei ørlita ro i tanken
ved kjelda under treet
her kan eg flyta godt
i meg sjølv før du kjem»

Dette er godbitar å trekkje fram, ein etter ein. Dikta er korte, men ikkje ta alle på ein gong, da blir du kvalm. Det er mykje kjensler å fordøye, og vakre formuleringar kan slå kvarandre i hel om dei får for lite tid til å synke inn. I dei fleste tilfella er det poetisk, ein sjeldan gong komisk.

«skuldra mi snakkar med
di skulder»

Gje boka til nokon som likar Olav H. Hauge, men som har lese alt av han. Ikkje gje boka til ein kynikar. Men gje henne gjerne til ein sidemålsmotstandar. Når dei seier nynorsk er fint i dikt, er det akkurat denne typen dikt dei pratar om. Dikt vil vera den siste arenaen for nedkjemping av nynorsk. Det er slike som Bjørlykke vi må takke for det.

Les fleire bokmeldingar her!

LES OGSÅ: Teolog med forfattarkall