Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt
Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt

 

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt

Leiaren i Hjørundfjorden bondelag, og samarbeidsutvalet for bondelaga i Ørsta, Knut Hustad, registrerer at regjeringa no vil ha fri omsetnad av gardsbruk, fri prissetjing og inga buplikt.

– Hadde dette siste utspelet berre handla om å fjerne buplikta, hadde eg nok ikkje reagert så mykje. Men framlegget om å oppheve buplikta på gardane er berre ei av fleire saker som har kome i det siste. Eine dagen kjem det ei sak om å fjerne litt toll på ei matvare, ein anna dag kjem eit utspel om å fjerne tilskot frå lag- og organisasjonar osv. Kvar sak kan kanskje i seg sjølv sjå ut som ein bagatell, men legg ein saman alle sakene, og konsekvensane av dei, så er felles for alt at dei råkar utkantane i landet, sukkar Hustad.

LES OGSÅ: Småkommunar på helsetoppen

Det siste landbruksutspelet frå regjeringa er altså eit framlegg om å fjerne både konsesjonslova og buplikta. Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) vil med dette gjenreise eigedomsretten til norske bønder. Men det skal ikkje vere fritt fram.

– Nei, vi opprettheld driveplikta, og både jordlova og kommunanes plan- og bygningslov vil vere til hinder for noko slikt. Men det vi gjer, er å oppheve ei lov som vi meiner ikkje har gjeve eit resultat som står i stil med inngrepet i rettigheitene. Minst 30.000 gardsbruk står i dag tome. Det er i alt 186.000 bruk, men 42.000 søkjer etter støtte etter landbruksavtalen. Tome gardsbruk får ikkje nye eigarar. Det er ikkje bra. Ei friare omsetning er nødvendig, sier Listhaug til Aftenposten.

Knut Hustad er overtydd over konsekvensen.

LES OGSÅ: – Det handlar om maten vår

Fleire tome
– Det kjem til å verte endå fleire tome hus på bygdene og prisane for gardane vert høgare. Og det kan oppstå syskenkonflikter i samband med overtaking av gardar. Men poenget: Når det kjem mange nok saker som svekkjar distrikta, det er då det er alvorleg. Og det er ikkje slik at framlegga frå regjeringa berre rammar landbruket. Heile distrikta vert råka, trur Leiaren i Hjørundfjorden bondelag, og samarbeidsutvalet for bondelaga i Ørsta, Knut Hustad.

LES OGSÅ: – Regjeringa øydelegg kulturlivet på bygdene

– Støttar framlegget
Leiaren i landbruksnemnda i Ørsta, Jostein Bjørdal, støttar framlegget om å fjerne buplikta.

– Eg har vore med og gjeve fritak for buplikta i Ørsta for lenger og kortare periodar. Dette m.a. fordi det kan vere svært utfordrande å skulle oppfylle buplikta med det same nokon tek over ein landbrukseigedom. Og då vert det urettvist at dei skal måtte selje jord til naboen som tilleggsjord, seier Bjørdal.

– Ved å gje fritak for t.d. fem år legg ein langt betre til rette for overtaking av landbrukseigedomar, meiner Bjørdal.

For nokre år tilbake var det mange som fekk fritak frå buplikta i Ørsta. Seinare år har det ikkje kome så mange slike søknader.

LES OGSÅ: – LNK: Regjeringa utraderer nynorsken

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE