Vil ikkje slå saman høgskulane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt

Det seier Ingrid Opedal som sit på fylkestinget for SV. Saman med Arild Iversen (KrF) og Torgeir Dahl (H) røysta ho imot samanslåing av dei tre høgskulane i fylket då fylkestinget handsama saka tysdag. Dei tre var i klart mindretal.

LES OGSÅ: Skrinlegg Vestlands-universitetet

Framtidig struktur
Det er regjeringa som har varsla at dei våren 2015 skal legge fram ei stortingsmelding om framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren. Kunnskapsministeren har difor bedt innspel til dette arbeidet frå skulemiljøa. I den samanheng skal også fylket uttale seg. Dei seier no at dei rår til at høgskulane i Molde, Ålesund og Volda slår seg saman til ein felles høgskule.

– Høgskulen i Møre og Romsdal vil verte opplevd som langt meir attraktiv for potensielle samarbeidspartar enn det dei tre høgskulane gjer kvar for seg. Ein samanslått høgskule vil ha større tyngde på vektskåla, argumenterer dei.

LES OGSÅ: Kamp om karrierane

Fleire alternativ
– Både helsereforma og NAV er døme på store reformer som ikkje har svara til forventningane. Og det er ikkje sjølvsagt, om det vert strukturendringar, at Høgskulen i Møre og Romsdal er beste løysinga, seier Ingrid Opedal.

Ho viser til at det verken i Volda, i Ålesund eller i Molde er eintydige konklusjonar om kva høgskulane sjølve vil.

– Er den beste medisinen store institusjonar? Eller kan høgskulane stå støtt på eigne bein, i tett samarbeid med andre institusjonar, både i og utanfor fylket, spør Opedal.

Ho meiner det vil vere naturleg å sjå på fleire alternativ.

– Kanskje er det mest naturleg at Ålesund og Molde slår seg saman, mens Volda samarbeider tettare med Sogndal, med tanke på lærarutdanninga. Det vi må unngå er at høgskulane i fylket vårt vert utkantar i nye og store fusjonerte einingar med Bergen eller Trondheim som hovudsete. I så tilfelle går også eg for Høgskulen i Møre og Romsdal, eventuelt med Sogndal i tillegg, seier Opedal.

I vedtaket heiter det elles at ny struktur må ta omsyn til fylket sitt sterke næringsliv og behovet næringslivet har for næringstilpassa utdanning, og samarbeidet mellom desse.

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett