Onsdag følgde spesielt utvalte ungdommar hakk i hel på landets leiarar. På ein av timeplanane stod eit møte med Melinda Gates.

mm
Faktaboks

«Leiar for ein dag»
• Vert arrangert av Ungt Entrepenørskap (UE) og Manpower
• Har vorte arrangert årleg sidan 2002
• Fylkesleiarane i UE nominerer ungdommar som har utmerka seg gjennom sine ungdoms- eller studentbedrifter
• Målet er å gje unge leiartalent eit innblikk i ein leiars kvardag

LES FAKTALUKK FAKTA

Eit lite pressekorps sit på det The Thief – Petter Stordalen sitt designhotell på Tjuvholmen i Oslo. Dei ventar på ei av verdas mektigaste kvinner – og ein 19-åring frå Stryn.

LES OGSÅ: Ho skal skygge kringkastingssjefen

Synkronisert dopause
Rikard Kirkeeide Bøe har følgt tett i fotspora til administrerande direktør i Norad, Villa Kulild, heile dagen. Til og med toalettbesøk vart samkøyrde i den travle kvardagen til ein leiar, som Rikard får eit innblikk i.

Melinda Gates er fyrstemann ut og bort frå møtet.

Den dresskledde stryningen og Norad-direktøren kjem ut av møterommet saman med Kristin Clemet, dagleg leiar i Civita.

– Me har eigentleg ikkje lagt opp noko spesielt opplegg, tanken er at han skal få innblikk i den usminka kvardagen til ein leiar, seier Kulild, som vonar skuggen hennar har lært noko om korleis organisasjonen arbeider.

Noko av opplegget – som møtet med mellom anna Melinda Gates – hadde internasjonalt schwung, medan andre delar av dagen er knusktørt arbeid opp mot byråkratiet.

– Saksframstilling er nyttig i alle jobbar, sjølv om dette kanskje ikkje er relevant for akkurat det Rikard peilar seg inn på, seier Villa.

LES OGSÅ: – Kvinner må delta i leiarposisjonar

Mektig inntrykk
19-åringen, som har fått æra av å følgja Norad-direktøren har gjort seg bemerka i Ungt Entrepenørskap gjennom ungdomsbedrifta si Binderpunch.

Produktet – som rett og slett er ein holemaskin, som skal henge inni ringpermen – fekk han gitt til ein av rådgjevarane til Melinda Gates, aller mest kjent som kona til ein av verdas rikaste og mektigaste menn.

– Ho er ei pen dame med mykje makt og eit godt hjarte, svarar Rikard på spørsmålet om kva inntrykk han fekk av fru Gates.

Det vart ikkje offisiell handhelsing, men han fekk presentert seg i plenum og fortalt at han var med gjennom Ungt Entrepenørskap sitt prosjekt «Leiar for ein dag».

Det er tolvte året at ungdom får denne moglegheita gjennom Ungt Entrepenørskap og Manpower.

Rikard er ein av dei 27 spesielt utvalte.

LES OGSÅ: Skaper fleire leiarar og bedrifter

Gunvor Aarvik (18) frå Lofthus
Gunvor Aarvik har teke turen frå Hardanger til Stortinget for å få innblikk i ein leiars kvardag. 

Ny innsikt
Ut av dei mektige dørene på Stortinget kjem Gunvor Aarvik ­– ein annan heldig utvalt – saman med Hårek Hansen, rådgjevar i Frp.

18-åringen frå Lofthus i Hardanger har lært mykje om korleis politikarar jobbar  både inn mot Stortinget og ut mot folket.

– Eg visste lite om korleis dei jobba. At dei som kjem ut i media ikkje gjer det som enkeltpersonar, men at det er ein heil gjeng bak dei som seier at dette skal du seie. I politikk er det jo veldig lett å gå til personangrep.

På tinget har Gunvor sett fleire fjes, som ho kjenner att frå tv. Seinare på dagen skal ho få helse på partileiar Siv Jensen.

LES OGSÅ: – Morna, Jens!

Spelereglar
Hjå Norad har Rikard lært kva Chatham House Rule er.

– Det er at det som vert sagt i rommet, blir i rommet, og er ein veldig viktig del av det, forklarar Rikard, som tek spelereglane alvorleg.

Pressefolka i Norad gjev han likevel lov å seie at møtet dreidde seg om kvinner og jenters helse. Informasjonen kan nyttast utanfor møteveggane, men deltakarane skal ikkje siterast direkte.

Rikard har fått augo meir opp for bistand, men draumen er framleis å verte gründar.

– Eg kan tenkje meg å verte min eigen leiar. Eg vil vere min eigen herre og skape verdiar gjennom arbeid som er givande for meg sjølv og andre, forklarar Rikard, som alt er i gang med nye forretningsidear.

Kva det er vil han ikkje ut med på noverande tidspunkt.

LES OGSÅ: Vil redda unge liv i trafikken

Rikard Kirkeeide Bøe (19) FRÅ Stryn med Villa Kulild, Norad, og Gry Larsen, CARE Norge
Rikard og Villa i samtale med påtroppande generalsekretær i CARE Norge, Gry Larsen. 

Maktas korridorar
Gunvor går siste året for vidaregåande og lurer på kva ho vil vidare.

Ho gjorde seg bemerka som leiar av ungdomsbedrifta X-traffic, som tek sikte på å få ned talet på trafikkdrepne ungdommar.

I kommunal- og forvaltningskomiteen er det andre utfordringar som står på tettpakka timeplanar.

Kommunereforma og samanslåingsdebatten er ikkje ukjent for hardingen.

Medan ho ventar på mentoren sin, Helge André Njåstad (Frp), leiar i komiteen, har ho fått snakke med fleire av Frp sine rådgjevarar.

– Dei er interesserte og spør om ting. Eg har vorte møtt med respekt og vert snakka til som ein vaksen person, seier Gunvor.

Me har passert tryggleikskontrollen og teke fleire heisar til enno fleire gangar. Langt inne i maktas korridorar.

LES OGSÅ: Vil halda på bygda ved kommunesamanslåing

Forstår Frp
Gunvor tykte det var litt skummelt å vere med eit politisk parti ein heil dag, sidan ho sjølv ikkje har funne sin partipolitiske ståstad. Ho er likevel interessert i politikk og er leiar i Ullensvang ungdomsråd.

– Eg forstår Frp og politikken deira betre no. Eg har funne ut at det er meir enn billig alkohol og privatisering, forklarar Gunvor, som ikkje er åleine om å ha hatt ein lærerik dag.

Seinare på kvelden skal dei ha ei felles evaluering der Rikard reknar med å kunne fortelje dei andre meir om korleis det er å vere ein leiar.

– Så reknar eg med å måtta svara på spørsmål om Melinda Gates, smilar han.

Gunvor Arvik
Gunvor Aarvik har lært mykje på Stortinget. Framfor ho ligg skiltet med biletet av mentoren, som kom til slutt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE