Framleis har kring 700.000 nordmenn fasttelefon, og kvar månad kontaktar nesten 2000 personar Telenor med spørsmål om fasttelefonlinjer, skriv NRK.
– Det me diskuterer no er kva utstyr me skal setja inn i sentralen, som skal gje summetone heim. Det kan godt vera at me endar med at kunden kan behalda den gode gamle analoge telefonen han har i dag, berre at utstyret i sentralen blir meir moderne, seier informasjonssjef Per Arne Meling i Telenor til kanalen. (©NPK)