– Når det er fint vêr, er dette verdens finaste jobb
Andreas Johannes Matre (18) var 13 år då han nærast vart kasta inn i oppdrettsnæringa – som sjukdomsavløysar. I august tok han til som lærling på Alsaker Fjordbruk sitt anlegg utanfor Laukhamar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Verdens finaste jobb
– Ein betre jobb enn dette kan eg ikkje få, seier han.
Her er det både fysisk arbeid og kontorarbeid. Denne kombinasjonen passar Andreas veldig godt. Han trivest når han får vera ute i friluft. Og utejobb og sjøluft er det mykje av på den daglege røktinga på matfiskanlegget. Men han likar og kontorarbeidet som føregår i kontroll- og pauserommet i andreetasjen på flåten.
LES OGSÅ: Fleire vel akvakultur
Andreas oppfordrar andre ungdomar å ta utdanning i same lei.
– Oppdrett er ei næring i vekst som vil ha bruk for meir folk i framtida, seier han.
Han ser føre seg ei framtid i oppdrettsnæringa.
Lokalitetsansvarleg Yngve Øvretveit stadfestar at det er gode sjansar for å få fast arbeid hjå Alsaker Fjordbruk etter at læretida er over.
Saka var først publisert i Tysnesbladet. Les heile intervjuet med Andreas J. Matre i magasinet «Heima. Her. Tysnes» som kom som ilegg i «Tysnes» torsdag 9. oktober.