KGB ville spionera på UiO

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Dagbladet i dag. Universitetet i Oslo vart nevnt på ei liste over institusjonar som skulle infiltrerast av KGB og det såkalla T-direktoratet, avdelinga for innhenting av teknologisk og vitskapeleg informasjon.
LES OGSÅ: PST slår alarm om risikostudentar
Mitrokhin-arkivet
Dette blir avslørt i Mitrokhin-arkivet, som Dagbladet har fått tilgang på. Vasilij Mitrokhin var sjefsarkivar for KGB i fleire år, og hadde eigne notatar om informasjonen som gøymde seg i arkiva.
På lista står, ifølgje Dagbladet, fleire norske samfunnstoppar som KGB-agentar, i tillegg til den planlagde utsendinga av spionar til stader som Universitetet i Oslo.
Det står ikkje noko i arkivet om sjølve gjennomføringa, eller om det i det heile vart noko av, ifølgje Dagbladet.
LES OGSÅ: Her blir KrFU-leiaren deportert av KGB