Eit stort restaureringsprosjekt med nyttige tips har blitt til denne vekas blogg.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.

• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)

• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.

LES FAKTALUKK FAKTA

 – Det stemmer at eg bloggar om Sarahuset, seier Anne Sara Svendsen audmjukt. Vekas bloggar tok over huset i Ulsteinvik som har vore i familien i fleire generasjonar, og bestemte seg for å setja i gang med eit omfattande prosjekt.

Bloggen kan du lesa her – Sarahuset

Framtida.no leiter etter verdas beste nynorske blogg

Antikvariske prinsipp
At huset har vore i familien så lenge, fungerer som ekstra motivasjon for Anne Sara Svendsen.

– I tillegg tykkjer eg det er artig å så langt eg klarar setta huset i stand etter antikvariske prinsipp, og ikkje byta ut meir enn nødvendig. Det er viktig at ikkje sjela og sjarmen forsvinn, seier ho bestemt.

LES OGSÅ: Ser mot Tyrkia

Lærerikt
– Den mest utfordrande delen av arbeidet er at det er veldig mykje arbeid! Og det er kostbart, seier Svenden. Difor har ho ikkje sett nokon sluttdato for oppussinga, og brukar tid.

Sarahuset er sjølve jomfrureisa for Svendsen, både som bloggar og oppussar.

– Det har vore masse å læra. Først og fremst bør ein gi seg tid med restaureringa, og det er lurt å skaffa seg kunnskap på feltet.

Det har ho gjort, og hovudmålet med bloggen er difor å hjelpa andre.

LES OGSÅ: – Ver deg sjølv

Ukritisk riving
– Det er så alt for mange gamle hus som ukritisk blir rivne berre fordi dei er gamle. Mange kunne fint ha blitt stelt i stand, berre nokon hadde hatt auge for kvalitetane som framleis finst i dei, seier Svendsen.

Noko av det første som møter lesarane av bloggen Sarahuset er ei liste med tips og råd til andre som vil starta med liknande prosjekt. Heilt øvst står tipset Svendsen allereie har gitt – å ta seg tid. Vidare er dette tipsa:

– Else Sprossa Rønnevig si bok «Gamle hus» er full av praktiske råd.

– Leit opp huset si historie når det gjeld planløysing, fargar og tapetar kan du få eit vakkert og unikt hus. Gløym dagens interiørtrender!

– Bruk fagfolk med hjarte for gamle hus. Byt ut så lite som mogleg av det gamle – det er her sjela ligg!

Har du tips til verdas beste nynorske blogg? Send inn her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE