Malala Yousafzay (17) vann fredsprisen saman med Kailash Satyarthi i dag, og er med det tidenes yngste vinnar av prisen, med god margin.

– Born må gå på skule, ikkje bli utnytta, sa leiar av Nobelkomitéen Thorbjørn Jagland då han i dag ga Nobels fredspris til Malala Yousafzay og Kailash Satyarthi.

LES OGSÅ: Fredsprisen til Malala

– Veldig trygg
I fjor var Malala i Noreg, og svarde blant anna på spørsmål frå ungdom under eit arrangement av Røde Kors Ungdom. Den gong var Charlotte Nordström leiar av Røde Kors Ungdom. Ho hugsar godt møtet med Malala.

– Det var veldig hyggeleg og spanande. Ho er ein roleg person, og virka veldig trygg, sa Nordström.

Nordström har nyleg gått av som leiar i Røde Kors Ungdom, og blitt styremedlem i Landsstyret i Norges Røde Kors.

– Det me sa til Malala då ho var her, var at me kjem til å halda fram med å jobba for born og unge sine rettar og menneskeverd, slik me har gjort før, og at det er ein stor del av det me ønskjer å skapa i verda. Me sa at me er med ho i arbeidet, og at det kjem me til å vera.

LES OGSÅ: Med hjartet på asylmottak

Verdifullt
Nordström fortel at det var tydeleg å sjå at Malala er ein inspirasjon og eit førebilete. Dessutan er det ekstra spanande at ho, som er så ung, vinn prisen.

– Røde Kors Ungdom er ein organisasjon for og med unge. Me pleier å sei at det er viktig å høyra kva ungdommen seier sjølv. Det at ho som ung jobbar for andre unge sine rettar er utruleg verdifullt. Både for å signalisera til ungdom at me sjølv kan skapa framtida vår, og for å visa andre vaksne som jobbar med dette at unge menneskjer har mykje verdifullt å komma med, seier Nordström.

LES OGSÅ: Ungdommens råskap

Rekordmange nominerte
Ikkje berre er Malala tidenes yngste vinnar av verdas kanskje mest prestisjetunge pris, men ho vann og eit år der det var rekordmange nominerte. Pave Frans, Edward Snowden og den russiske homoaktivisten Igor Kochetkov var blant dei nominerte.

Men til slutt var det Malala Yousafzay og Kailash Satyarthi som vann.

LES OGSÅ: Fridomspris til Malala

Dette har Malala gjort
Malala Yousafzay byrja, ifølgje faren, å jobba for utdanning og sine eigne rettar så tidleg som i 2007 – då ho berre var ti år gamal. Då ho var 11 byrja ho å skriva anonymt for BBC si utgåve på urdu, der ho fortel om livet under Taliban.

Som 14-åring hadde ho allereie blitt lagt merke til, og blitt eit førebilete for mange rundt seg. Det var og då ho fekk beskjed om at Taliban hadde utpeika ho som eit mål.

Resultatet var at ho vart angripen 12. oktober 2012, og skoten i halsen og hovudet. Ho overlevde, og har sidan då blitt eit endå sterkare symbol.

Då ho vart intervjua av Jon Stewart året etter vart ho møtt med applaus for omtrent kvar setning ho sa, og verten sjølv vart sitjande mållaus. Mellom anna fortalde ho kva ho tenkte då ho først høyrde om trusselen frå Taliban.

– Først tenkte eg at om dei kjem, kva vil du gjera då, Malala? Då tenkte eg at eg berre kunne ta ein sko og slå han. Men så tenkte eg at dersom du slår ein Talib med ein sko, er det ikkje nokon skilnad på deg og han. Du må kjempa med fred og dialog, og det eg tenkte å seia var «gjer som du vil», sa Malala i intervjuet då.

Sjå heile intervjuet her:

Malala har og eit eige fond som jobbar for born og unge sine rettar.

Du kan og sjå faren til Malala snakka om dottera og forholda til kvinner i deler av Pakistan hos Ted Talks.

LES OGSÅ: – Korleis turde du, når du var så ung og Taliban så farlege?

Dette har Kailash Satyarthi gjort
Ein skal ikkje gløyma kven Malala deler prisen med heller, sjølv om det er naturleg å gi ho ekstra merksemd som tidenes yngste vinnar. Kailash Satyarthi er ikkje like ung, men på ingen måte ein lettvektar i kampen for menneskerettar.

Satyarthi er leiar av organisasjonen Bachpan Bachao Andolan, som ifølgje Wikipedia har redda 80 000 barn frå barnearbeid. Eigentleg er han ein indisk elektroingeniør, men han starta organisasjonen sin i 1980, og blir kalla «ein helt som jobbar for å få slutt på moderne slaveri».

Han har tidlegare vunne fleire prisar, mellom anna Den internasjonale fredsprisen (1994), Robert F. Kennedys menneskjerettspris (1995) og Freedom Award (2006) – før Nobels fredspris no i år.

Du kan lesa meir om Kailash Satyarthi hos Aftenposten.

LES OGSÅ: Vil stogge barneekteskap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE