Born må gå på skule, ikkje bli utnytta økonomisk, sa Thorbjørn Jagland i talen sin.

Fredsprisen går til Kailash Satyarthi og Malala Yousafzay for deira kamp mot undertrykking av born og unge og for alle born sine rettar til å gå på skule.

LES OGSÅ: – Korleis turde du, når du var så ung og Taliban var så farlege?

Tidenes yngste
Malala Yousafzay er ei 17 år gamal jente frå Pakistan som, trass alderen, allereie har jobba lenge mot undertrykking av born og unge. For dette vart ho skoten i hovudet og halsen i 2012. Med det er Malala tidenes yngste vinnar av fredsprisen.

Ho har allereie vunne Fridomsmedaljen frå det amerikanske National Constitution Center, samt fleire andre utmerkingar.

Kva kan du om fredsprisen? 

Kailash Satyarthi er ein mann som har stått fremst i kampen mot barnearbeid, sa Jagland etter utdelinga. Den indiske aktivisten er 60 år gamal, og er leiar av organisasjonen Bachpan Bachao Andolan. Organisasjonen har ifølgje Wikipedia redda over 80 000 born frå barnearbeid.

LES OGSÅ: Vil stogge barneekteskap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE