Michelet mønstrar på igjen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den gamle kommunisten kjem stigande inn på forfattarfavoritten Bibliotekbaren på Bristol, litt for sein. Det er på grunn av ei dame, forklarer han:

– Ho sette seg hos meg på toget innover. Faren var krigsseglar, og ho hadde mønstringsbøkene hans og brev han hadde fått under krigen, seier Michelet, som gjerne tek imot – og til NTB snakkar engasjert om at det ikkje finst noko sentralt mottak for sjømannsdokument. Det vil han gjerne vera med på å gjera noko med.

For den store romansuksessen hans «En sjøens helt» har ført til noko nokså utilsikta for forfattarveteranen som trefte sjøfartsnasjonen Noreg midt i hjarta:

Michelet har blitt forkjempar og talsmann for gamle sjøfolk.

– Her om dagen ringde det ein som var opprørt over at uttrykket «som ein full sjømann» blir brukt, seier Michelet. Som lytta med respekt. Og med mykje kjærleik til yrkesgruppa, lèt det til.

– Eg vil få fram det stolte, seier han.

LES OGSÅ:Knekkebrød, gjedder og glitterlim

– Kan drukna
Hans eige sjøeventyr går for full fart framover. Dei to første banda har selt til saman 307.000 eksemplar og gjeve han inntekter som ifølgje Finansavisen er på 15 millionar. Førsteopplaget på «Gullgutten», som blir sleppt no, er 40.000.

Men Michelet syt for å gi tilbake: Han oppretta Polstjernefondet for ein del av summen. Det skal hjelpa til med å dokumentera historia til krigsseglarane. Første prosjektet er å laga ei oversikt over dei utanlandske sjøfolka som døydde om bord på norske skip under krigen, så dei også får minneprotokollen sin.

– Dei stod side om side med gutane våre. Det å heidra dei er fint. Å hugsa er viktig for å kunna tenkja framover på ein fornuftig måte, seier Jon Michelet til NTB om kvifor han kviler i fortida.

Han karakteriserer stofftilfanget som «enormt», og lesarane som «veldig aktive».

– Ein kan drukna i det, men eg har ein plan, forsikrar han.

Medan band tre følgjer Halvor Skramstad vidare framover i 1941, både på land og sjø, vil band fire føra lesarane frem til og med invasjonen i Normandie.

LES OGSÅ: Vilt og uendeleg interessant

Uvitande
– Så trur folk det er over for sjøfolka, men det er det ikkje: Då kjem invasjonen på Filippinane, der norske skip er med og kamikazeflya kjem. Nordmenn flest veit ikkje ein gong at norske båtar var der, seier Michelet.

Som heilt sikkert vil endra på dette og mykje anna vankunne, som at få av oss kjenner til torpederinga av den norske jagaren «Bath» i 1941, med tap av 83 liv.

– Det største norske krigsforliset i Atlanteren, slår Michelet kyndig fast. Han har blitt ein vandrende kunnskapsbank

Begeistret fortel han om korleis han nyleg møtte 92 år gamle Kåre Aarseth; krigsseglaren som var den siste som flytta ut frå konvoibyen i Kristiansand, og som Ole Paus skreiv song om i fjor.

– Eg kunne spørja han om dei hadde einmannslugarar. Og kor mange det budde på brakka på Travers Island, der Halvor får skyttaropplæring. Det var fire, ikkje seks.

Om to år vil han runda av «En sjøens helt» med band fem. Då går han heilt fram til 1948 og det han kallar «det største nederlaget til krigsseglarane» – som gjekk føre sg på land, og var behandlinga av Nortraships fond i Stortinget.

– Det er trist. Det tok motet frå så veldig mange, seier Michelet.

LES OGSÅ: Lost in translation

To bokverk planlagt
– Er du redd for at det blir ein bråstopp når den siste krigsseglaren din er i hamn?

– Eg har bikka 70, og har ein jobb ingen kan sparka meg frå. Ein slik suksess kan verka tyngjande, men eg er fri for prestasjonsangst – tvert om har dette vore ein stor inspirasjon for meg, lyder svaret. I hovudet har han nemleg to nye bokseriar:

Ein om seglskutetida, og ein basert på sin eigen familie.

– Eg har lyst til å skriva ein stor bonderoman! Far min var sett bort til ein gard som barn, medan mor min kom frå ein storbondefamilie som mista alt i krakket på 1930-talet. Eit forferdeleg sosialt fall, bygda kom på auksjon og kjøpte tinga deira. Men sølvtøy og bestikk hadde dei hadde tid til å grava ned i hagen. Dei grov det ned då tyskarane kom også. Etterpå hugsa dei ikkje nøyaktig kor det var. Heile hagen blei spavendt, ler Jon Michelet.

LES OGSÅ: Kunstnarisk kunnskap