Demokrati-forkjempar i ein verdas gløymde konfliktar får prisen.

mm
Faktaboks

Bahrain
• land i Persiabukta som består av 36 øyar med korallrev rundt. Landet produserer petroleum og noko aluminium.
• Bahrainarane er hovudsakleg arabiske muslimar, men landet har òg ein del gjestearbeidarar frå India og Pakistan.
• kongedømme styrt av Al-Khalifa-familien, med kongen som statsoverhovud mens statsministeren er regjeringssjef. Hamad bin Isa al-Khalifa er konge mens onkelen hans Khalifa bin Salman al-Khalifa er statsminister. Begge tek avgjersler i samråd med ministrane. Inntil 1999 var statsoverhovudet emiren, men Hamad bin Isa al-Khalifa endra tittelen til konge.
• det første parlamentsvalet blei halde i 2002, då også kvinner fekk stemmerett.
• sjølvstendig frå Storbritannia i 1971
• Brutto nasjonalprodukt per innbyggjar: 29.200 dollar – 53. plass i verda, ifølgje CIA Factbook.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Ayat Alqormozi mottek Studentenes fredspris for den iherdige kampen hennar for demokrati og menneskerettar i Bahrain, seier leiar av fredspriskomiteen Jørn Wichne Pedersen i ei pressemelding.

23 år gamle Ayat Alqormozi er sjiamuslim og tidlegare lærarstudent ved University of Bahrain. 30. mars 2011 blei ho arrestert, torturert og fengsla etter å ha lese opp eit fridomsdikt på Perleplassen i hovudstaden i Bahrain Manama. Ho kravde slutt på trakassering av sjiamuslimar og respekt for menneskerettar.

– Protestane i Bahrain er den gløymde arabiske våren. Demonstrantane kravde politisk reform, sosial rettferd og respekt for menneskerettar, seier Wichne Pedersen. Komiteen håpar òg denne prisen vil skapa merksemd rundt den alvorlege situasjonar for menneskerettar i Bahrain.

LES OGSÅ: Kampen for «upraktiske menneskerettar»

Utreiseforbod
Alqormozi er lauslaten, men framleis tiltalt for hatefulle ytringar mot regimet, og for å fornærma medlemmar av kongefamilien. Ho er òg underlagd utreiseforbod frå Bahrain. Ifølgje familien til Alqormozi blei ho utvist frå universitetet då ho blei fengsla, men kampen hennar mot eit undertrykkjande regime har heldt fram, trass truslar og arrestasjonar.

– Eit symbol for andre
Leiar av Oslosenteret for fred og menneskerettar Kjell Magne Bondevik seier at Alqormosi har blitt eit symbol for demokrati og ytringsfridom i Bahrain.

– Gjeve av ei stor gruppe engasjerte studentar til ein medstudent i Midtausten, kan denne prisen bidra til at Bahrains folkesetnad får innfridd retten sin til fritt å uttala kva dei tenkjer og meiner, seier Bondevik.

Studentenes fredspris vert delt ut under ISFiT-festivalen i februar 2015. I kva grad Alqormozi vil vera tilstades for å ta i mot prisen sjølv er usikkert grunna utreiseforbodet.

Aukande brot på menneskerettane
Då det arabiske opprøret braut ut i februar 2011, førte det raskt til økte spenningar i Bahrain. Demonstrantar kravde — som i dei andre opprøra — avgangen til regimet. Dette kravet har ein annan klang i Golf-staten Bahrain enn for eksempel i Egypt. For det første har landet berre rundt 700.000 statsborgarar, der kring 2/3 er shia-muslimar. Den regjerande al-Khalifa-familien er sunni, og har sin militære støtte i nabolandet Saudi-Arabia. Den støttar seg også på ein ”splitt-og-hersk”-taktikk, og spelar på frykta hjå sunniane for eit shiastyre.

For det andre er Bahrain eit strategisk viktig land for USA og Europa, som ein viktig oljeprodusent og som hamn for flåten til USA i Den persiske golfen. Resultatet har vore at protestar i første omgang blei slått ned ved hjelp av saudiske militære styrkar, utan at det utløyste nemneverdig reaksjon frå vestlege styresmakter.

Protestane held fram i dag, og demonstrasjonar blir møtt med stadig hardare midlar. Tillyste demonstrasjonar 14. august 2013 blei møtt med arrestasjonar i forkant, avsperra bydelar og hardhendt militær makt. Ingen veit eksakt kor mange som har mista livet sidan 2011, men BCHR har dokumentert meir enn 80 døde, noko som er svært høgt i ein så liten befolkning. Helsepersonell som har hjelpt skadde etter samanstøyt med tryggleikspolitiet, har opplevd sjølv å bli arrestert og anklaga for å «konspirera mot staten».

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE