Teolog med forfattarkall

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han ligg ikkje på latsida sjølv om han er nådd pensjonsalder. Kvar dag skriv forfattar Oskar Stein Bjørlykke to-tre timar, som han alltid har gjort.

Det er ei livsform som har resultert i ein lang og variert bibliografi, frå barnelitteratur til bønnetekstar.

Bibeldikt
I desse dagar er 74-åringen aktuell med diktboka «For deg»på Samlaget, og som bidragsytar i den den nye diktsamlinga «Bibeldikt».

Sistnemnte prosjekt er initiert av Verbum forlag og avisa Vårt Land, som har oppmoda 88 kjente og mindre kjente forfattarar til å tolke kvar si bibeltekst til kyrkjeåret.

Bjørlykke fekk andre søndag i advent. Akkurat kva teksta var hugsar han ikkje. Det nærmar seg eitt år sidan han skreiv diktet. Men det var ein Johannes-tekst.

 – Eg tykkjer det er eit veldig flott tiltak, slik at ein får sett bibeltekstar frå ulike synsvinklar, seier forfattaren.

Den utflytta vestlendingen er trass alt presteson og teolog frå sunnhordlandskommunen Fitjar.

Foreldra var eigentleg frå Sunnmøre, men flytta til stordøya fordi faren fekk ei stilling der. 

Skrivande livsgjerning
Det guddommelege  –  eller transendente  –  set spor i mykje av det han skriv. Slik får Bjørlykke nytta teologen i seg. Han har arbeidd med både bibelomsetting, meditasjon og bønnetekstar.

Men han vart aldri prest.

– Det var skrivinga som var mi livsgjerning. Eg trur ikkje det er så enkelt å kombinera to så altoppslukande roller, forklarar Bjørlykke, som har budd storparten av livet sitt i hovudstaden.

Han veit godt kor kaffikjelen på Kaffistova står.

Det var han som foreslo å møtast her, på den tradisjonsrike serveringsstaden frå 1901.

Kaffistover finn ein no i byar over heile landet, eigd av lokallag for Noregs Mållag eller Norsk Målungdom.

Her samla landsungdommen seg i gamle dagar. No er klientellet i stor grad eldre og barnefamiliar.

Tradisjonen etter Hauge
– Kven skriv du for, når du skriv «For deg»?

– Det er jo for lesaren, det er ein slags dialogdikt frå eit eg til eit du. Nokre dikt ventar svar, medan nokre stader er svaret innebygd, forklarar forfattaren.

Temaa er dei same som han har vore innom før: Mellommenneskelege relasjonar, livskriser, det guddommelege og eit medmenneskeleg engasjement.

Sjølv set han det inn i tradisjonen etter Olav H. Hauge og Tor Jonsson.

Det er ei god samanlikning, for det er noko Hauge-aktig over dei korte, strame vestnorske setningane, som skildrar natur og relasjonar.

Nordisk lesehest
Eg undrast på kva livsvisdom ein kan få ut av ein gamal og framleis aktiv diktar?

– Eg veit ikkje om eg vert visare med åra, men eg kjenner språket betre og kan bruka det meir presist. Eg trur visdom er noko me har felles. Det er ikkje noko som kjem, men noko som er der, og ein må få fram, svarar Bjørlykke.

Forfattaren er sjølv glad i å lesa og les mykje. Det var viktig dei seks åra han sat i komiteen til Nordisk Råds Litteraturpris. Då skal ein i teorien ha lese alt norsk som har kome ut det året.  Ei umogleg oppgåve, ifølgje Bjørlykke sjølv.

– Eg trur det er viktig for ein forfattar å lese mykje, ikkje for å ape, men for å definere sin eigen måte å skrive på ut frå andre, forklarar han.

Sensasjonell ferietur
Då han først kom til Oslo var by og bygd to vidt forskjellige ting. No skil ikkje levemåtane seg nemneverdig frå kvarandre. Ein finn stort sett det same på Fitjar, som på Bekkelaget, der han har slått seg til ro.

Folk les dei same nyheitene og er oppteken av stort sett det same.

I oppveksten på prestegarden i heimbygda var det andre tider.

Han har alltid likt å leika med språk. Allereie som tiåring laga han små regler som han repeterte for seg sjølv.

Han bankar takta i bordet på Kaffistova. Rytmen sit godt både i hovudet og fingrane enno.

Det var få frå Fitjar som reiste ut, for så å koma attende. Han minnast enno den gongen ein gjeng ungdommar som arbeidde på Stord Verft – den gong Kjøtteinen – fekk tak i ein bil og reiste på ferietur til Oslo. Dette var på 50-talet og turen var ein liten sensasjon, forklarar 74-åringen.

No er det lenge sidan han flytta frå Fitjar. Dialekta er normert, men tonefallet er lett å kjenna att. Stort sett er han heime ein gong i året.

Han har til og med skrive litt på sunnhordlandsdialekt.

Dialektintoleranse
Stoda for norske dialektar har endra seg radikalt frå han først fann vegen til hovudstaden for å studera.

Den gong kunne dialekt vere ein uting til dømes på arbeidsmarknaden, noko som førte tilpassa seg bymålet.

Men nokre unntak var der.

– Eg veit om ein sunnmøring – eg kjenner sonen hans – som kom til Oslo på 1950-talet med handelsskule og byrja i bank her. Då fekk han beskjed av leiinga at: «Når du er her må du forandre språket ditt.»Han sa opp på dagen og reiste seinare til Canada, fortel Bjørlykke.

Sjølv var han vikar i Osloskulen på 60-talet. Den gong stod det i arbeidsinstruksen at den tilsette skulle leggje språket opptil elevane sitt talemål.

– Eg var motvillig, men gjorde det fordi det stod i arbeidsinstruksen, mimrar Bjørlykke, som altså enda opp som forfattar.

Les siste boknytt her!

Faktaboks

Oskar Stein Bjørlykke (fødd 1939)

• Frå Fitjar i Sunnhordland
• Utdanna teolog ved Menighetsfakultetet i Oslo
• Debuterte med diktsamlinga «Deg høyrer dagen til» (1966)
• Har skrive diktsamlingar og romanar både for born og vaksne, samt fleire bønesamlingar. Til saman over 40 bokutgjevingar
• Tidlegare formann i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattarar (1979-81)
• Fekk Kritikarprisen for barneboka «Kom til dammen!» (2003)

Kjelde: Allkunne