Eit bikinibilete og blogginnlegg om kroppspress gav vekas bloggar lesarrekord. Ho rår andre bloggarar til å ikkje framstille seg sjølv som nokon annan enn dei er.

mm

Som 13-14 åring byrja Susanne Moen Øy å blogga.

– Det var jo in og alle andre gjorde det, forklarar 17-åringen på telefon til Framtida.no.

Ho er denne Vekas bloggar og har nettopp fått vete at bloggen hennar er nominert til tittelen Verdas beste nynorske blogg i Framtida.no.  

LES OGSÅ:Kårar verdas beste nynorske blogg

Bloggdagbok
Etter kvart gjekk bloggbølgja over, og fleire la inn tastaturet, men Susanne fortsette. Ho likte å ha ein plass å dela tankane sine.

Sidan starten har ho bytta blogg fleire gonger og sidan desember har tankane og kvardagen hennar vore å finna på bloggen Susanne Moen.

Til dagleg har bloggaren frå Årdal i Sogn og Fjordane rundt 150 lesarar, men denne månaden gjorde ho eit stort hopp.

9. september skreiv ho eit ope og forfriskande innlegg om kroppspresset som unge jenter slit med. Nedst i innlegget poserer ei sunn, frisk og fin jente i bikini ved fjorden. Det er Susanne. Innlegget med tittelen «Er det nok no liksom?»trefte ei nerve og vart delt på Facebook og lese heile 2700 gongar.

Er det noko du ikkje kunne blogga om?

– Eg føler faktisk at eg kan blogga om alt. For meg er det ei dagbok, der eg kan sjå attende på minner, forklarar Susanne.

Etter å ha skrive om kroppspress saman med dette biletet av seg sjølv fekk Susanne mykje skryt. Foto: Susannem.blogg.no

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

Mediemerksemd
Tilbakemeldingane lét ikkje vente på seg.

– Det er jo veldig flott høyre at så mange er einige. Og det var så mange som sa at dei var stolte over meg og at eg burde vere stolt over meg sjølv. Mange sa det var veldig modig og at dei aldri hadde turt det, fortel Susanne.

Ho vart mellom anna intervjua i Porten.no om innlegget. Der fortalde ho om kaloritelling og periodar med to treningsøkter dagleg for å verta bra nok. Men ungjenta har funne ut at dette ikkje er vegen til lukke.

– Me burde leva slik me sjølve vil, vera glade og nøgde. Det er mykje gale som skjer i verda, men me som er friske og raske er så dumme av og til når det gjeld slanking,sa ho til Porten.

LES OGSÅ:Mindre rus, meir stress

Heva over nettrolla
Lesarane og tilbakemeldingane frå dei er ein stor inspirasjon for bloggaren.

Positive kommentarar gjer godt, men ho har òg vore ute for dei såkalla nettrolla.

– Det kjem av og til slike negative kommentarar. Men når ein legg ting ut på nettet må ein rekne med det. Det er mykje hat, men ein må heva hovudet over det og ikkje la nokon dra deg ned. Det er viktig å ha med seg, seier Susanne, som meiner det er lett for folk å skriva slike stygge kommentarar når dei kan gjere det anonymt.

Finn fleire gode nynorske bloggar her.

Sminkefritt idol

Og bloggaren hentar sjølvsagt inspirasjon frå resten av bloggverda. Ho trekkjer fram Eirín Kristiansen og VOE, som førebilete.

– Ho er så open, kan vere seg sjølv og vise seg sminkefri, seier Susanne om Emilie Voe Nereng, som har oppnådd kjendisstatus gjennom bloggen sin.

Har du nokre tips til andre bloggarar?

– Framstill deg sjølv som den du er. Elles vert det berre dumt når du møter dei i verkelegheita og dei har fått eit anna bilete av deg, avsluttar Susanne.

Tips oss om gode nynorske bloggar!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE