Eg vil gi deg ein liten utfordring. Neste gong du skal vise kroppen din, uansett om det er i badetimen eller i dusjen etter gymmen. Ikkje skjul deg.

Susanne Moen Øy
Susanne Moen Øy

Det kjem såå mange innlegg om dette på blogg.no kvar einaste dag. Så eg får vel berre følgje straumen eg også. Det om å vera nok, du veit, det som alle jenter sliter med no til dags. Når er me gode nok? Når er eg god nok? Det er eit spørsmål eg har stilt meg sikkert fleire hundre gongar i løpet av dette året. For det er jo dette året eg har hatt spesielt fokus på kropp, helse og trening. På mitt beste, eller nokon ville vel helst sagt verste, trente eg kanskje to gonger for dagen og sjølvsagt kvar dag. Eg fokuserte kun på trening, noko som resulterte blant anna til at mista ei av mine beste venninner, eller ei som eg såg på som søstera mi. Eg ville ned i vekt, og eg gikk ned. Først fem kilo, så fem til og fem til. Det var så gøy når ein såg resultat. Men kvifor gjorde eg det? Kvifor gikk eg ned i vekt? Det var jo i grunn berre ein grunn til det, og det var på grunn av påvirkning fra alle andre, og alle gangane folk skreik etter meg i gangane. For det gjorde dei, dikka skulle berre visst kor mange ganga eg er blitt skrike "ehhh" etter, og det er heilt jævlig. Sjølv no, femten kilo lettare blir eg skrike etter. Men no bryr eg meg ikkje, for visst dikka skrik stygge kommentara etter personar er dikka så lågt nede at dikka må hakka på andre for å få dikkas eigen sjølvtillit opp. 

Tilbake til detta med vekt. Min kjære søster har for eksempel gått ned syttifem kilo, kor sjukt er ikkje det? Men kilo er jo i grunn berre eit tall. Eg vege mykje meir enn ho, eg vege faktisk mykje meir enn dei fleste jentene i klassen, kanskje tjue kilo. Kanskje er eg den tyngste jenta i klassen, eller kanskje tyngste personen i klassen. Eg gidde ikkje lenger å legga skjul på det, for eg er tung. Men eg har fått det til å synka litt inn i det siste, ein lev berre ein gang så kvifor ikkje leve godt og vere glad og smilande? Nei, eg er ikkje lika tynn som alle på skulen, eg er ikkje ein modell. Men sorry, eg er verkelig ikkje interessert i å eta maksimum fem knekkebrød om dagen. Eg vil heller satse på å vere sunn, men å vere mett. Eg snakkar heller ikkje om fem brødskiver med leverpostei, men om å begrense seg. Når helga kjem er ikkje planen å ete opp to store sjokoladeplater, men nokon bitar med kanskje frukt. For det er faktisk godt. 

Kroppsfikseringa er kommen så langt at unge jenter på ti år klagar over kor tjukke lår dei har i forhold til ho andre venninna som alle ser opp til. Og dette er faktisk ikkje kødd! Det er det som er det verste. Seinast forrige veka høyrte eg ei jente i tiårsalderen som sa til venninna si, "eg kan ikkje drikka milkshake fordi da blir eg tjukk, og eg vil vere tynn og fin". Hæ?! Kor sjukt er ikkje det liksom? TI ÅR! Når du er ti år skal du ha det gøy, du skal gå på fotball og handball fordi det er gøy, ikkje for å tenke på kor mykje ein må springe for å få vekk feittet ein har på magen eller rumpa. Så det er me som legg opp til det, og det er me som må vere forbilda. 

Så når er det eigentleg nok? Det er sjukt at eg seier dette, men EG har fått nok av slankinga. Telling på kaloriane, alle tankane om kvifor eg ikkje gikk ned eit einaste gram forrige veka og kva eg kan og ikkje kan ete. Eg har fått nok av alle dritungane som slenger kommentarar til meg. Eg har fått nok av blikk eg får på stranda fordi eg ikkje er frøken strøken. Veit du kva? Eg er meg og du er deg. Me er alle like på innsida, uansett om du er førti eller hundre kilo. Om du har ei roten banan kan den vere like fin på innsida, om du har ein nydelig koffert kan den vere tom på innsida. Alt som glitrar er ikkje gull. Nok metaforar, dikka skjønnar det vel? Ja, for me er alle nok. Akkurat DU er nydelig, ja DU! Du har mange som er glad i deg, og set pris på deg fordi du er den du er. Fordi du er så god. Du er vertfall den finaste eg veit, og tenk kor heldige me er folkens! Me har evna til å leve livet til det fulle som friske, eller vertfall eg er frisk. Eg kan gjere nett kva eg vil. Eg kan reise til Afrika å klappe løver, eg kan reise til Italia for å ete spagetti og eg kan hoppe i strikk. Eg har evna til å få eit menneske ut av kroppen min, og eg har evna til å kunne kommunisere og snakke med dei som eg er glad i. Eg har evna til å kunne bestille meg ein flybillett å vere i min kjæres armar. Tenk kor heldig du er kjære deg, du har to friske bein å gå på, og ei hjerne som fungerer akkurat som den skal. 

Eg synest dette kroppsfokuset har gått alt for langt, og at me ikkje lenger verdsetter kva me har evna til. Ja, eg har ein litt hengande mage og kunne gjerne hatt sixpack. Ei ganske flat rumpa som ikkje er noko valdsamt trent, men kunne gjerne hatt fru Kardashian si. Men det er ikkje poenget. Verda er ikkje laga for at alle skal kunne sjå ut som modellane som går for Victoria's Secret fashion show. Den er lagt for absolutt alle, og det er plass til absolutt alle. Anten du er tjukk eller tynn, høg eller låg, brei eller smal. Eg vil gi deg ein liten utfordring. Neste gong du skal vise kroppen din, uansett om det er i badetimen eller i dusjen etter gymmen. Ikkje skjul deg. Du skal vise deg fram, og du skal tenke inni den smarte hjernen din. Eg er meg, og eg er god nok! Eg er god nok akkurat som eg er, for det er kun ein av meg. Og ingen i heile verda skal tråkke over meg, for det fortener eg ikkje. For eg er meg, og det finst ingen andre i heile universitetet som er som meg. Eg er eineståande. Eg er meg.

Blogginnlegget er henta med løyve frå susannem.blogg.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE