Ei bok om å bukke under

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tittel: «Pusteproblem»
Forfattar: Marita Liabø
Sjanger: Roman/drama
Forlag: Det Norske Samlaget (2014)
Lengd: 279 sider

Hedda er tilsynelatande vellukka. Ingenting skulle tilseia at ho strir, iallfall ikkje meir enn andre småbarnsmødrer, lærarar, ektefeller eller storbymenneske.  Men det gjer ho. Noko går i ball, og alkoholen byrjar å ta overhand. Kvardagen er travel, jobben krev sitt, ungane skrik og ektemannen er for lite til stades.

Allereie tidleg i boka byrjar ein å merke at dei daglegdagse utfordringane som blir presentert,  ikkje er ukjende. «Ho la seg altfor seint. Klokka var nærmare halv eitt. Og då fekk ho sjølvsagt ikkje sove, fordi ho såg for seg kor uopplagd ho kom til å bli».  Forfattaren lukkast godt i å gjera hovudpersonen i boka truverdig, og vanleg. Vellukka, ja, men ikkje meir enn det heller. Nøklar blir borte, ungar dett og slår seg og avtalar blir gløymde. «Det blir berre for mykje for meg. Hovudet er fullt. Det er ikkje plass til fleire e-postar, bursdagar og foreldremøte.»

Det er lett for lesaren å humre av klønete episodar og kjenne seg faretrugande godt igjen. Når det heile så bikkar over, blir ein nesten umerkeleg rive med vidare. «Ho skal ikkje gå for langt lenger. Ho drog ut spiralen, er ikkje riktig klok. Dei røykte hasj. Ho toler det dårleg, toler ikkje whisky. Ho fraus. Korfor gjekk ho ikkje heim?»      

«Pusteproblem» er ei svært god og truverdig skildring av eit menneske som taper kontrollen over sitt eige liv. Det er ein roman som kan gje dei som ikkje veit korleis det er å ha rusproblem, litt meir innsikt i eit slikt tilvere.  Nettopp fordi ein blir teke med frå ein kvardag ein sjølv kan kjenne seg vel att i, til eit landskap der det meste blir uforståeleg og tåkete. Dette er essensen av boka. Eit menneske med eit vanleg liv, får ein nedtur som er noko mindre vanleg. Det blir aldri snakk om ein vond barndom, ein slem ektemann eller andre utløysande faktorar ein kunne forvente at var til stades.    

Det er vanskeleg å seia noko vondt om dette verket. Ypperleg skildring, ypperleg språk, særs tidsriktig tematikk. Ein kan kanskje tillate seg å spørja kor mange som eigentleg kjem til å lesa boka. Det er vanskeleg å seia at dette er god underhaldning. Og særleg spennande er det ikkje, sjølv om eitt og anna overraskingsmoment dukkar opp undervegs. Kanskje kunne ein auka den potensielle lesarskaren ved å leggje inn eit slags plot, ei spennande historie, ein enda meir mystisk nabo, noko som gjorde at mange nordmenn faktisk ville prioritere denne boka i mylderet av alt ein blir bydd gjennom bokhaust og førjulsmas. Men om du vel denne boka, vil du iallfall sitja att med ei kjensle av at du veit meir om den tida du lever i. Det kan vel vera verdt nokre timar framfor peisen, det.

Les fleire bokmeldingar her!