Søstrene Mari og Linda Lægreid Johannessen var så leie av perfekte instagram-bilde at dei fann opp ein eingongskamera-app til mobil.

Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Er du av dei som irriterer deg over at dei du er saman med alltid må ta eit snapchat- eller instagrambilde av det dykk held på med, i staden for å berre vera til stades i augneblinken? Du er ikkje åleine. Dei to USA-busette søstrene Mari Lægreid Johannessen (25) og Linda Lægreid Johannessen (34) frå Husnes fekk same openbaringa då dei var ute for å eta ein betre middag. Då den eine søstera absolutt skulle ta eit instagram-bilde av måltidet før det kunne nytast, byrja dei å snakka om kor mykje kjekkare bilda var før. Før «likes», før filter, før deling på sosiale media. Den tida då bilda var langt frå perfekte, men til gjengjeld var ekte. Då dei fanga den verkelege augneblinken.

Ekte bilde i postkassa
Søstrene kom difor på ideen om å utvikla ein eingongskamera-app til mobil. Dei kallar den «Authenpic», og presentasjonen ligg no ute på nettsida Kickstarter, i håp om at dei skal klara å samla pengar til å utvikla den.

– Med eingangskamera-appen tar du 24 bilde, som du ikkje får sjå før kameraet ditt er fullt. Når det er det, bestiller du bilda. Kort tid etter kjem bilda i postkassa di, den verkelege postkassa, får vi forklart i presentasjonen.

Til Kvinnheringen seier søstrene at dei håpar på støtte frå folk slik at ideen kan bli til ein verkeleg app:

– No har me ikkje utvikla appen vår enno, men det er difor me har tatt i bruk Kickstarter for å få pengane og støtta me treng for å få dette til å skje. Og no har me akkurat fått bekrefta at me kan sende bilete til Norge òg, så dette er kjempespennande, seier Mari.

Ho er utdanna grafisk designar og programmar, pluss at ho studerer webdesign. Ho er busett i Albany, New York. Søstera Linda er dagleg leiar for bedrifta Yay Images, og bur i San Francisco. Ho har ein mastergrad i marknadsføring.

For å sjå app-ideen kan ein gå inn på kickstarter.com og søkja på Authenpic.

Bilde henta frå presentasjonsvideoen om den nye appen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE