Fosse: Handke bør få Nobelprisen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fosse: - Han bør få Nobelpris

– Eg har fleire gonger vorte spurt kven eg meiner skal få Nobelprisen. Då har eg svart Peter Handke. Eg er veldig glad for at han får Ibsenprisen for den samla forfattarskapen sin, der dramatikken er ein viktig del, seier Jon Fosse til NRK.

LES OGSÅ: Fosse ut mot språktvang for journalistar

Misnøgd kor
Fosse, som sjølv fekk den internasjonale Ibsenprisen i 2010, var til stades i Nationaltheatret då austerrikaren Peter Handke søndag fekk overrekt Ibsenprisen. Utanfor teatret vart Handke møtt av høglydd buing frå demonstrantar som var forarga over at Handke får prisen. Handke har vorte skulda for å bagatellisere serbiske krigsbrotsverk, og talte i gravferda til tidlegare president og folkemordtiltalte Slobodan Milosevic. (©NPK)