Nærum på satiretokt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knut Nærum baud på litteraturparodiar i bøkene «Å» og «Ø» i 2000 og 2010. Denne gongen har han derimot ikkje venta eit tiår med å følgje opp, for som han sjølv påpeikar:

– Då blir ikkje 29-bindsverket ferdig før i 2280, og då har eg vorte heile 319 år gammal.

Difor slepp han alt no «Æ», og herjar med kjende forfattarar som Jon Michelet og Hans Olav Lahlum.

Han tek TV-seriar så forskjellige som «Trygdekontoret» og «Game of Thrones» på kornet, og byr på eigenkomponerte vitsar og ei samanlikning mellom James Bond, Konrad Sejer og Mikke Mus.

– Sejer og Mus viser seg faktisk å ha meir til felles enn ein skulle tru – når den eine er mann og den andre er mus, seier Nærum lakonisk.

LES OGSÅ: Nærum fekk første språkgledepris

Stadfestar fordommar
Den raude tråden er altså raljering og herjing med populærkulturelle fenomen. Når han tillèt seg å skrive om på Jon Michelets «Ein sjøens helt», parodierer han detaljrikdomen i sjøeposet. Med «Kon Tiki»-manuset sitt, som dukkar opp midtvegs i boka, byr han på alle dei elementa han synest filmen frå 2012 mangla. For kvar var sjørøvarane og dinosaurane?

Nærum følte også at «Fifty Shades of Grey»-bøkene «hadde noko forlokkande ved seg», så han las seg 150 sider inn i universet til E.L. James – og fekk stadfesta alle fordommane sine.

– Eg kunne sikkert stoppa lenge før, for ein klarer seg ofte lenge med fordommar, slår Nærum fast – som sjølvsagt også har ein viss grad av alvor i botn. Det er difor dette blir kalla satire. Om dette nøyer han seg med å seie:

– At vi har lettbeint underhaldningslitteratur, er ikkje problemet. Problemet er at vi ikkje arbeider for at også andre typar litteratur når ut.

Han legg til:

– Alle om driv butikk vil jo gjerne sikre seg det som sel best for augneblinken. Men som «Hel ved» av Lars Mytting beviste, så kan vi ikkje alltid vite på førehand kva som kjem til å slå an. Eg ser heller ikkje det 900 sider lange eposet til Jon Michelet om krigsseglarane som ein heilt innlysande bestseljarserie.

LES OGSÅ: Fløymer over av erotikk og sybøker

Solstad-respekt
Nærum har også tillate seg å tøyse med Dag Solstads «Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591– 1896», ei bok som skapte reaksjonar med oppramsande slektsforskingsform.

– Nei, korrigerer Knut Nærum oss:

– Eg har ikkje parodiert boka til Dag Solstad, eg har parodiert baksideteksten til boka hans – den som Forlaget Oktober har skrive. Solstad er på quiz-laget mitt, så lenger enn det våga eg ikkje gå, seier forfattaren og «Nytt på nytt»-lagkapteinen. Som heller ikkje går av vegen for å tøyse med krimlitteraturen sjølv om han både sit i Rivertonklubben og på ymse vis stadig bidreg til at krimlitteraturen blir meir mangfaldig.

– Ja, for kvifor må alle skrive same bok? Det er faktisk grenser for kor mange politietterforskarar med Aspergers syndrom verda treng. Det er vel også litt urealistisk at ein og same etterforskar må jakte ned den eine seriemordaren etter den andre – i ein og same by.

Nærum har vidare sett seg lei på alle drapsetterforskarane som ikkje gjer stort anna enn å reisa frå stad til stad for å bli skotne på.

– Dei minner meg om damene i skrekkfilmar. Alle ropar: Nei, ikkje gå ned i kjellaren! Men dei gjer det likevel, påpeikar Nærum. (©NPK)