Frå trav til dressur for Brandy

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho har hatt den tidlegare travaren i snart eit år, og var godt nøgd med han etter innsatsen i rytterprøva.

LES OGSÅ: Hest gjev meistringskjensle

Omstilling frå trav
 – Han stressar seg litt opp etter galopp, og vi må øve meir på det, før vi stiller i høgre klasser. Men eg er kjempegodt fornøgd med han i dag, kunne ikkje forventa betre, seier Camilla Brendjord.
 Dressurtrenar Anne Marte Ølstad fortel at det kan vera vanskeleg å få travhestar til å gå balansert i alle gangartane, slik at dei framstår reine. At rytter og hest passar saman er også viktig.
 – Det er i allefall ein dårleg kombinasjon, dersom båe er stressa. Men kommunikasjon er det viktigaste, og at ein greier å jobbe godt saman, seier ho.

LES OGSÅ: Større sjølvtillit med hest

Emma sitt andre
Det var åtte år gamle Emma Svendsgard, og fjordingen Erling Rabalder, som var fyrst ut på dressurstevne på Årbogen laurdag.
 – Det er andre stemnet mitt, eg har vore med på eitt før, på Stav fortel Emma.
 Ho har likevel ganske lang fartstid på hesteryggen, ho har nemleg ridd sidan ho var tre år. Så er det da også mamma Hanne Svendsgard, som eig hesten Emma rir på. Hanne Svendsgard stilte i tre klasser, med Erling Rabalder, Søljo og Smedsmos Major.
 Klubben hadde åtte medlemmar med som deltakarar på stemnet.

Sjå resultat og meir i Vigga torsdag.