Motevitskaplege ferjereiser

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På bloggen «MOLO – motevitskapelege ferjereiser mellom moloane» kan ein lese om Marka-dressen, UGGs, pels og leppestiftkjolen til Siv Jensen, som vert karakterisert som årets moteaugneblink i 2013.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Ventar på ferja
Bloggar Hanna Maria Van Zijp har ein cand.mag i motevitskap og ser på mote med eit humoristisk skråblikk.

Diverre for alle som er lei av motebloggar av typen Fotballfrue, Nette Nestea og Ulrikke Lund, har det ikkje vorte nokre motevitskapelege ferjereiser sidan februar. Me vonar difor at denne kåringa av vekas blogg kan motivere bloggaren til å ta opp att tastaturet.

Har du planar om å ta opp att blogginga?

– Ja, eg har i grunn store planar om det, men sidan eg skriv om mote i Osloby, har mykje av hjerneverksemda gått med til det, forklarar 29-åringen frå Sund i Ryfylke.

I 2007 starta ho ein bildeblogg for å syne at ho kunne ta bilete. Seinare var wordpressbloggen MOLO til for å syne at ho kunne skrive. Det har ho bevist, og no får ho betalt for å skrive om mote på nynorsk i Osloby.

Får ho negative kommentarar er det helst på desse sakene. Då er det av typen folk som reagerer på fjordnorsken og seier dei har «rett til å lese Aftenposten på bokmål».

Slik tek ho seg slett ikkje nær av.

Les fleire gode nynorske bloggar her.

Humorlause motebloggar
Å blogge er ikkje akkurat som å skrive kronikkar.

– Det er kjekt å vere sin eigen redaktør og skrive akkurat det du vil. Ein kan skrive så langt eller kort ein vil og det vert meir spontant. Du tenkjer ikkje nødvendigvis på at alle skal lese det. Når eg skriv kronikkar er eg meir oppteken av at sluttprodukt skal lesast. Det skal høyrast intelligent ut, men ikkje for intelligent. Og gjerne litt sarkastisk.

Men kva bloggar følgjer ein person med motevitskapleg utdanning?

– Eg les ingen andre motebloggar enn min eigen, fordi eg tykkjer dei er så pretensiøse. Det er altfor lite humor og leik, berre narsissisme blanda med forfengelegheit og ein voldsom higen etter anerkjenning, seier motevitaren.

– Eller forresten, no lyg eg. Eg les bloggen til Inger Merete Hobbelstad, kulturjournalist i Dagbladet. Ho skriver sjukt løye om mote. Det er på bokmål då, men det går greitt. Ho har anmeldt kjolane på Emmy og skriv ting som “syreuhell-i-kjemitimen couture” og “stillett-judo”, humrar den oslo-baserte vestlendingen.

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

Å undersøka mote
Har du nokre tips til andre bloggarar?

– Promoter deg på Facebook og Twitter. Skriv enkelt, men gjerne smalt. Du kan godt gå i djupna, men det gjeld å halde seg på overflata med tanke på lengda på teksta. Vel eit enkelt design på bloggen. Jo enklare, jo betre. Ikkje noko fiksfakseri som forstyrrar, er råda frå Hanna Maria.

Og sist men ikkje minst:

– Oppdater bloggen jamleg, ikkje berre ein gong i halvåret, som meg. Det kan vere annakvar veke eller annakvar dag, alt etter kva ein vil. Og ha det kjekt sjølv med det du skriv, då tykkjer andre det er løye og interessant å lesa.

Sjølv vonar ho at folk tykkjer det ho skriv er morosamt, interessant og at dei faktisk lærer noko. Målet er å informera og underhalda, og at nokon tykkjer at det er ein interessant måte å undersøka mote på.

Kva bør motebloggarar verte betre på?

– Fyrst og fremst å ikkje bli kjøpt og betalt, svarar Hanna Maria, som meiner det er lett å hamne i den fella når ein skriv om mote og skjønnheit, som er ein kjempemarknad.

Mange merker vel bevisst å profilerer seg via bloggarar.

Motevitaren synest heller ikkje at motebloggarar bør vere for oppteken av «den trend-greia».

– Moten skiftar ikkje fort. Det er berre små variasjonar. Ein kan ikkje seie at no finst ikkje plisseskjørt, eller at no skal alt vere midt på leggen. For 50 år sida var det meir einsarta, men no er det mange ulike uttrykk på ein gong.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!

Bloggmakta
Sjølv er Hanna Maria meir oppteken av klede si rolle i samfunnet og kunne godt tenkje seg at motebloggarane vart meir samfunnsbevisste.

– Moteindustrien er verdas femte største industri og det er råte i alle ledd. Designarane jobbar seg i hel, arbeidarane jobbar seg i hel og kleda vert flydd verda rundt, noko som forureinar. Ein kan ikkje seie det er forbrukaren sitt ansvar, for det er vanskeleg å gjere etiske val. Men ein kan vere bevisst på at i såkalla fast-fashion ­– som Gina, Tricot, Cubus og H & M – er det ein grunn til at det er billig, og det er at andre har betalt prisen. Er ein bevisst på strukturen kan ein gjere val ut ifrå det, og tenkje at mine val har noko å seie for dei som les, meiner 29-åringan.

Ho trur ikkje at små handlingar som å ikkje kjøpe tre t-skjorter på Hennes & Mauritz gjer store utslag, men bloggarar har makt og kan til dømes presse produsentane med å leggje ut eit ope brev på bloggen sin.

Motevitaren trur det er lett å gløyme kvar motekleda kjem frå og at informasjon er nøkkelen – og innafor mote.