Les mellom linjene

Anders Veberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med ein mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Oslo, er det naturleg at bloggen til Bjørg Myhre Ims tek føre seg litteraturen på bloggen sin. Når hausten er i gang, er det difor høgtid for bloggaren bak Mellom Linjene.

Framtida leitar etter verdas beste nynorske blogg!

Utprøvande

Blogginga starta ho med i 2008, då ho akkurat hadde starta på mastergraden sin.

– Eg har alltid lese mykje og vore glad i litteratur. Eg har alltid vore glad i å skriva og tenkte at det å skriva ein bokblogg var ein fin måte å kombinera litteraturinteressa og skrivegleda. Med tida veks det fram ein tanke om å bruka bloggen til å visa kva eg kunne, seier Ims.

No skriv ho mykje frilans på sida, der bloggen er god å visa til. Men slik har det ikkje alltid vore.

LES OGSÅ: Bloggpresten

BAI

I starten av bloggekarriera skreiv ho nemleg anonymt, under dekknamnet BAI. Då heitte bloggen Boklesebloggen.

– Då eg starta å blogga var det mest vanleg å skriva anonymt. Dette har endra seg dei siste åra. Eg tenkte eigentleg ikkje over at eg skreiv anonymt og eg oppgav gjerne namnet til folk som spurde.

Dekknamnet BAI tok ho frå initiala ho hadde før ho gifta seg. På den nye bloggen brukar ho full namn og bilete, og det er fleire grunnar til det utanom frilansarbeidet.

LES OGSÅ: Den gale profeten

Bokbloggen si rolle

– Det er delvis fordi normene har endra seg og det er meir vanleg å bruka fullt namn. Og delvis fordi det på eit meir prinsipelt plan handlar om bokbloggaren si rolle som litteraturkritikar, seier Ims.

– Dei siste åra har det vore mange diskusjonar om anonymitet på nett. Og når eg les bloggar, nettmagasin og liknande, er det viktig å kunne undersøka kven som står bak teksten. Eg trur at ein framstår som ein meir seriøs skribent når ein skriv under fullt namn.

Og så var frilansarbeidet ein grunn. Ho legg og til ein siste del:

– Eg er jo stolt over det eg skriv, så det er eigentleg ingen grunn til å vera anonym.

Har du tips til gode nynorske bloggar? Tips oss her!

Eksperimenteringa

– Åh, det er mykje som gjer bloggmediet spesielt, svarar Ims på spørsmålet om kva det er med blogginga som trakk ho til seg.

– Det eg likar best er nok den spontane og impulsive formen og den store friheita ein har, når ein er sin eigen redaktør.

Ho set og meir pris på det sosiale aspektet, og dei mykje utskjelte kommentarfelta.

– Det er eit dynamisk medium. I andre medie skriv ein ein tekst og leverer han frå seg. Men i bloggen får teksten leva vidare i kommentarfeltet. Det er rom for utprøvande og uferdige tekstar, som ein kan diskutera vidare. Og dei gongene ein får til ein god diskusjon i eit kommentarfelt, då er det moro å blogga.

LES OGSÅ: Boblande språkentusiasme

Listedilla

Og ein diskusjon, det fekk ho då ho inviterte lesarane sine til å dela sine fem favorittbøker. Innlegget Lesedilla: 100 beste bøker, er det mest kommenterte ho har.
Det mest leste innlegget ho har laga er Evig søndag, eit essay der ho diskuterer ei sjølvbiografisk vending i skjønnlitteraturen, inspirert av romanen til Linnéa Myhre med same namn.

LES OGSÅ: Eit vindauge mot verda

Skåna for netthetsen

For Ims er det viktig at bloggen er eit overskotsprosjekt, noko ho gjer fordi det er gøy. Faktisk går ho så langt som å kalla det hovumålet med blogginga.

– Samstundes tykkjer eg det er spanande å utfordra meg sjølv og jobba med skriveferdigheitene min.

Og ho klarar på mystisk vis å unngå den store netthetsen. Nesten heile tida.

– Eg har ein gong fått ein negativ kommentar frå ein forfattar som ikkje var nøgd med at eg slakta boka hennar.

LES OGSÅ: Filosofisk til middag

Fakta

Verdas beste nynorske blogg
• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.


• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.


• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.