Lars Mæhle med skikkeleg slukebok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Ei skikkeleg slukebok

Linnés dystre lærdomer andre krimboka av Lars Mæhle om den kickboksande psykologen, Ina Grieg. Denne gongen snur ho kvar ein stein etter spor etter klassevenninna, 14-åringen Sonja Lerdahl som forsvann for tretti år sidan. Inas eige samvit og opplevingar frå ungdomstida gjer at ho er fast bestemt på å spørja alle «Kvar var du kvelden Sonja forsvann?» på klassetreffet i barndomstraktene. Ho undrar på om Sonja framleis er i live eller om nokon veit meir enn dei burde. Blei ho bortført og drepen? 

Mistanken var i si tid retta mot einstøingen Tom Kaser, som saman med Sonja, gjekk opp i Carl Linnés klassifisering om dyre – og plantelære frå 1700- talet. Men dei fann aldri noko lik. Han blei ikkje tiltalt. Psykologen undrar kvifor han er tilbake i heimbygda, og det blir ei iskald konfrontering mellom dei.

Linnés dystre lærdomer ei «slukebok», som ein berre må lese ut på same dagen. Handlinga vekslar mellom notid – den store klassefesten – og fortid med Sonja si oppleving av mobbing. Og om de frykta og sterke Vange- brødrane som blir omtalt som «Dei to». Det er mykje mobbing, vald og mishandling i krimmen. Lars Mæhle lar lesaren forstå at det finst ein tredje person: Ein som ikkje er så opplagt å forstå kan ha gjort ei grufull handling.  Psykologen, Ina Grieg møter kompisane frå barndommen. Ho forstår at fleire av dei veit meir enn dei seier.

Det er fleire grep som gjer krimmen fengande. Leiken med det eine sekundet bygd på uventa hending: Den vegen og staden ein aldri burde ha vore. Boomtown Rats-songen: «I don´t like Mondays», er ideen til forsvinninga. Ein song som blei til etter hendinga der ei amerikansk jente skaut mot ungar fordi ho ikkje likte måndagar.

Det andre grepet er den vakre og gjentakande beskrivinga av naturen, lindetreet og brønnen. Ei mørkare og meir nervepirrande stemning blir det ved å høyra ei plaga Sonja undra seg over klassifiseringa. Ho likar ikkje lenger korkje inndelinga av plantar, dyr eller menneske; noko tittelen til krimmen spelar på:Linnés dystre lærdom.

Det er eit variert språk og fin spanningsoppbygging i boka. Eg kunne gjerne ønskt eit meir komplekst plot og djupare karakterskildringar. Eg synest ikkje eg blir nok kjend med psykologen Ina Grieg eller vennene hennar frå barndommen. Likevel håpar eg på ein oppfølgjar der me får meir innblikk i hennar liv – og nok ei ny slukebok.

Faktaboks

Lars Mæhle:
Linnés dystre lærdom
334 sider
Samlaget, 2014