No kan du sjekke inn på padda

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjekk inn på padda!
Geocachen vart lagt ut tysdag i førre veke.
Geocaching er ein aktivitet der ein ved hjelp av GPS-koordina skal finne postar og loggføre vitjinga. Ei moderne form for orientering og skattejakt.
Ved å leggje ut ein geocache i Paddeland er håpet å få meir vitjing i området og få presenter den makelause plassen for folk både i inn- og utland.
Aktiviteten har 2,4 millionar brukarar verda over, og godt over seks millionar «cacher» – postar – er å finne over heile verda.
Det som trengst for å starte er ein smarttelefon eller GPS og ein gratis brukarkonto hos geocaching.com.